aktuelt

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk av nynorsk i din kommune. 

Gratis påmelding!

Dato og tid: Torsdag 8. oktober klokka 11.30 og 19.30
Målgruppe: Kommunestyrepolitikarar, kandidatar til neste år, aktive partimedlemer og lokallag i Mållaget 

Nynorsk i opplæringa
ved Synnøve Marie Sætre, politisk rådgjevar i Noregs Mållag
– Born og unge sine språkrettar
– Språk i barnehage og skule
– Nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorskkurs og andre tilbod frå LNK (Landssamanslutninga av nynorskkommunar)
ved Svein Olav Langåker, dagleg leiar i LNK
– Kurstilbod for lærarar i grunnskulen og sakshandsamarar
– Språkbruksplan
– KI, språkteknologi og kva kommunane må passa på

Gjeremålsliste for nynorske folkevalde
ved Hege Lothe, informasjons- og organisasjonsrådgjevar i Noregs Mållag
– Oppvekstmelding (kjem i kommunestyret kvart år)
– Be om rapportering om nynorsk og tiltak for nynorsk
– Folkebibliotek og kulturpolitikk 
– Lage gode valprogram for nynorsken til neste år