musikk

Nynorsk, jazz, pop og trombone

LEIK OG ALVOR: Andreas Rotevatn er oppteken av at musikken skal vera dansbar og leiken. Men når publikum fyrst er med på melodiane, er dei gjerne også med på både utfordrande tekstar og musikalske vendingar. Foto: Marte Gundersen

Andreas Rotevatn er aldri redd for å utfordre publikummet sitt, korkje lyrisk eller musikalsk. No er han klar med ny plate der pop-rytmane har ein like sjølvsagd plass som Aasmund Olavsson Vinje.

Intervju: Jógvan Helge Gardar

I meir enn eit tiår har trombonist og nordfjording Andreas Rotevatn spelt attmed fleire av dei største namna i norsk populærmusikk. Men den siste tida har soloprosjektet stått i sentrum, fyrst med albumet Av daude gror i 2024, før ei lang rekkje konsertar der Rotevatn og bandet har spelt den sjangeroverskridande musikken for mange ulike publikum. 

– Det er kult at musikken har nådd ut, trasstekstar som ikkje nødvendigvis gjer det så enkelt for lyttaren, og instrumentalar som kan vera litt utfordrande for nokon, seier Rotevatn. – Det har vore gøy å sjå at publikum toler meir enn ein skulle tru. Dei toler at ting ikkje er så ultraprosesserte.

Nytt i det gamle

For Rotevatn har ikkje valt minste motstands veg. Alt skal vera dansbart, insisterer han, men utom dét er takhøgda stor, og eksperimentviljen likeeins. I byrjinga av september kom soloplate nummer to: Mellom saltvatn og sola. Der dykkar tekstane endå djupare ned i språket, med arkaiserande ord og vendingar, og referansar frå langt attende i litteraturen. Musikken hentar inspirasjon frå både progrock, køntri og frijazz, og omslaget viser, attmed løva frå Urnesportalen, ein bunadskledd Rotevatn balanserande under bergfallet.

– Det er eit drøymeprosjekt for min del. Litt nynorsk, litt jazz, litt trombone og litt pop. 

PÅ EIGEN KJØL: Andreas Rotevatn har lang røynsle som studio- og turnémusikar. Med sitt andre soloalbum, Mellom saltvatn og sola, vonar han å etablere seg skikkeleg som soloartist. Foto: Marte Gundersen

Rotevatn er oppvaksen på Nordfjordeid, men flytte til Oslo i 2013 etter studium på Griegakademiet i Bergen. På Norges musikkhøgskole tok han ein master i musikkteknologi, men har mest av alt vore utøvande musikar og frilans trombonist. Han har turnert i inn- og utland med mange store namn, som Cezinando og Razika, og spelt på heile ni album som har vore nominerte til Spelemannprisen. I tillegg har han vore sentral i komponistkollektivet OJKOS og spelt med det meir tradisjonelle Ytre Suløens Jass-ensemble. Paletten er altså blitt ganske brei med åra, men fellesnemnaren i alle prosjekta har vore hovudinstrumentet, trombonen.

– Tanken med soloprosjektet har vore å hente litt frå alt, taka det eg tykkjer er kulast og kombinere det. Det er kanskje ikkje ein super strategi, dette med den arkaiske nynorsken. Men det finst mykje på båe sider, både tilgjengeleg, dialektbasert popmusikk og den tunge og alvorsame tradisjonsmusikken. Eg tykte det var gøy å sjå kva som skjer om ein gjer musikken både tilgjengeleg og avansert på same tid. Korleis få til ein livleg konsert der ein òg har plass til litt Halldis Moren Vesaas, Snorre og Dante? Korleis ser den ut?

Dei siste åra har fleire artistar slått gjennom med nytolkingar av den norske folkemusikken og den litterære arva. Valkyrien Allstars og Tuva Syvertsen, som også syng på denne plata, har vore førebilete for mange musikarar i dei yngre generasjonane, om dei så sjølv vel å gå meir eller mindre heilhjarta inn for folkemusikken, eller plukke element frå tradisjonane og gje dei ny kontekst i eit anna lydbilete. Rundt om på dette spekteret finn ein no grupper som ULD, Rigla, Pumpegris, Ævestaden og mange andre.

Om det finst ei folkemusikkbølgje, er du del av henne?

– Nei, det vil eg ikkje seia, i alle fall ikkje musikalsk. Men eg er absolutt med i den forstand at eg meiner me må taka dei historiske elementa som er gode med oss vidare. I fleire tiår har det jo vore så store endringar, med globalisering og fragmentering av tradisjonar. Som stort sett har vore veldig viktig og bra! Men det går an å vera tilhengar av fri innvandring, samstundes som ein likar brunost og hardingfele, hehe. Vi må berre finne ut kva del av historia vi vil ha med oss vidare inn i framtida.

Smalt og breitt

Til no ser det ut til at Rotevatn har funne ein produktiv nisje. Musikken har vunne gjenklang hjå publikum, og fått plass på mange både smalare jazzfestivalar og store popfestivalar.

Byrjar du med teksten eller musikken?

– Nesten alltid med musikken, men det trur eg mest er ein vane, sidan eg har drive så mykje med instrumentalmusikk. Om eg berre skriv, til dømes eit dikt eller eit lite essay, så verkar det ganske framandt å rime eller bruke faste versemål. Mens når melodien kjem fyrst, er det ofte faste stavingar og ein taktart og ein rytme som skal gå opp.

Likevel framstår tekstane sentrale for prosjektet, og slett ikkje underordna instrumentalane.

UNDER BERGFALLET: – Vi må taka dei historiske elementa som er gode med oss vidare, seier Rotevatn. Foto: Marte Gundersen

Korleis finn litteraturen vegen inn i songtekstane dine?

– Det er ikkje slik at det er eit mål i seg sjølv. Det er heller slik at eg les bøker, og at dei dukkar opp seinare når eg skriv ein tekst. Eg likar at teksten kan fungere på fleire nivå, slik som hjå Olav H. Hauge. Han nyttar massevis av referansar, men du treng ikkje alltid skjøna dei for å få noko ut av dikta. Du kan lesa «Kvardag» utan å ana kven Laertes er. Men så, om du skjøner at han er far til Odyssevs, og at medan dei dreiv og slost i Troja, var han heime og heldt på med hagen, då vert poenget endå betre. Men ein treng ikkje veta det for å tykkje at diktet er bra. Mykje i tekstane mine vil eg tru går mange hus forbi, og det er heilt greitt. Om ein klarer å få inn folk med eit godt lydbilete og eit ope kunstnarisk uttrykk, så vert dei ofte med vidare til å utfordre seg sjølv. Og kanskje finn dei ut kven Laertes er.

Ein av referansane som dukkar opp på det nye albumet er drosa, ein figur ein kanskje hugsar frå Aasmund Olavsson Vinjes Ferdaminne frå sumaren 1860:

«Syngjande paa denne Visa saag eg inn mot Throndheim og ut etter Fjorden, der eg totte gamle Langskip komo dragande inn. So saag eg på denne Drosi; men daa eg ikki kjende hena, so var eg like nær; men eg gjorde meg altid Erind, so eg kom dit, der ho var, og letst som aldri var. Kom eg i Samtale med ein Mann, so drog eg os altid burt aat hena, og gild var eg, daa eg viste ho høyrde ei lærd Samtale eg hadde med ein Mann um Throndheimsfjorden herikring i Forntidi.»

Ein annan plass siterer Rotevatn frå siste strofe av diktet «No» av Halldis Moren Vesaas:

Kva er stort, kva er smått no?

Klarast i minnet

står tider og stunder

da ein heilt og fullt

kjende ein var til.

Og så snart han har sitert frå diktet, er han i gang med ei soge om korleis både Morgenbladet og Henrik Wergeland har verka inn på teksten i «No», og deretter på ei tekstlinje i opningslåta: «Kva ser Henrik i Solens Eventyrslande då?» 

Ein får kjensla av at han kunne ramsa opp liknande utgreiingar om alle tekstlinjene på plata, utan at det nokon gong kjem i veg for det heilskaplege musikalske uttrykket. Undervegs på plata kan ein òg høyre atterljomen av mange andre namn frå den norske og utanlandske litteraturen, framførd med både skjemt og alvor i eit oppkome av ulike stilar. På gjestelista er Runar Gudnason frå Side Brok og Tuva Syvertsen frå Valkyrien Allstars, i tillegg til Henriette Eilertsen og Mari Kvien Brunvoll. Under dei ligg det stødige, faste bandet sett saman av Sander Nordahl (gitar), Nikolai Hængsle (bass) og Elias Tafjord (trommer), heller ikkje heilt ukjende namn om ein har fylgt med på norske konsertscener dei siste åra.

Lytte og lesa

Den 4. september kjem Mellom saltvatn og sola ut i alle kanalar, og snart er det nok å høyre på scener både her og der. Før Rotevatn skal av garde til studioet sitt på Rosenhoff, spør eg om han har tips til bøker som lyt få eit større publikum – kanskje som eit litterært akkompagnement til den nye musikken. Etter noko tviking i møte med eit lesekyndig publikum, har han likevel tre favorittar å trekkje fram: Knut Magnus Tangerås si diktsamling Å frå 2025. Halldis Moren Vesaas si Båten om dagen frå 1976, ei memoarbok om samlivet med Tarjei Vesaas på Midtbø. Og sjølvsagt, Vinjes Ferdaminne frå sumaren 1860. Det er berre å setja i gang.

Andreas Rotevatn (f. 1989) er musikar og komponist frå Nordfjordeid. Han bur i Oslo, og har spelt med musikarar som Cezinando, Jaga Jazzist, Ytre Suløens Jass-ensemble og OJKOS. Som soloartist kjem han i september med sitt andre album, Mellom saltvatn og sola. Rotevatn var nominert til TONOs komponistpris under Spelemannprisen 2020.