Frida tek over Barnebladet
Tekst og foto: Jógvan Helge Gardar
Norsk Barneblad har kome ut sidan 1887, då Kristen Stalleland frå Grimstad sende av garde det fyrste nummeret til dei 36 tingarane sine. Det siste kvarte hundreåret har Nana Rise-Lynum redigert det eldste nynorske bladet, og dei siste åra motteke både Målprisen og Nynorsk redaktørpris for arbeidet sitt. Rise-Lynum gjekk av med pensjon før sumaren, og etterlét seg Norsk Barneblad som ein solid og økonomisk stabil institusjon.
No er det Frida Pernille Mikkelsen som skal setja sitt preg på eit av verdas eldste blad for born og unge. Ho er eit kjent namn i målrørsla, etter fleire år med verv i Norsk Målungdom og som rådgjevar på skrivarstova i Noregs Mållag. Førebels er den største planen å gjera den nye jobben til sin eigen.
– Slikt arbeid tek mange år, seier Mikkelsen. – Ein treng eit langt perspektiv, og det tek lang tid før ein er heilt fortruleg med alt som skal gjerast.
Førebels har ho derfor ikkje store vyar om endring, men ein plan om å halde fram med det som har vore suksessformelen til Barnebladet i alle år: variert og spennande lesestoff som tek borna på alvor, og som gjev kunnskap, innsikt og leseglede. Nyleg kom den fyrste utgåva ho har laga åleine, med tema Fyr.
Mikkelsen er viss på at Barnebladet speler ei stadig viktigare rolle for norske born.
– No er me mest åleine i segmentet vårt. Det finst framleis blad for born, både aviser og meir underhaldningsbasert stoff som Donald, men ingen andre tidsskrift, og ingen publikasjonar med same idealistiske grunntanke. Mykje er blitt borte med digitaliseringa, men Barnebladet har halde stand.
Og kvifor det?
– Det er takk vere nynorsken og målfolket, seier Mikkelsen. – Barnebladet har halde fram med å satse på det fysiske formatet, og løna har kome i form av trufaste lesarar. Det skal me byggje vidare på no som det ser ut til at pendelen snur, og lesinga får større plass i kvardagen til born og unge igjen.
TRE KORTE:
Kva er favorittboka di for born?
Eg vil slå eit slag for Odd Nordstoga si Song for deg og meg. Her får ein litt av kvart, både nytt og gamalt. Du kan lese eller syngje, saman med barn eller utan. Veldig god bok!
Kva teikneseriefigur kjenner du deg mest att i?
Solan Gundersen (vi kan vel kalle han ein teikneseriefigur?). Det er noko med måten Solan kan vera så bestemt og tøff i det trygge selskapet til Ludvig, som eg tykkjer treff godt.
Kva fyr vil du helst vitja?
I Noreg skulle eg gjerne opplevd kreftene på Grip fyr, og så må det kanskje bli ein tur til Herkulestårnet i La Coruña for litt varme og verdshistorie.