aktuelt

Nynorsk tøyveskebibliotek til barnehagane

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, overrekkjer nynorsk tøyveskebibliotek til Tveitevannet barnehage. (Foto: Hege Lothe / Noregs Mållag)

Noregs Mållag har fått støtte frå Utdanningsdirektoratet til leselystprosjektet: Nynorsk tøyveskebibliotek. Denne veka har vi delt ut dei fyrste tøyveskene til Vaksdal barnehage og Tveitevannet barnehage.

– Vi tenkjer at alle barn fortener å bli lesne høgt for på nynorsk, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

– Borna treng å høyre skriftspråket lese høgt for seg. Difor er det veldig fint å lese nynorskbøkene på nynorsk, legg han til.

Når Peder Lofnes Hauge og Mållaget er på besøk i Tveitevannet barnehage er borna og dei vaksne i gong med samlingsstunda dei brukar å ha på føremiddagen. Pedagogisk leiar May-Britt Horsås tok initiativ til at Tveitevannet barnehage skulle vere med på nynorsk tøyveskebibliotek.

Då Noregs Mållag la ut på Facebook at barnehagar over heile landet kunne melde seg for å få eit gratis nynorsk tøyveskebibliotek, vart det ein utruleg god respons med godt over 170 søknadar. Tveitevannet barnehage er ein av 30 barnehagar som har blitt plukka ut til å vere med på nynorsk tøyveskebibliotek.

– I barnehagen les vi saman med ungane kvar dag, og vi tykkjer det er veldig kjekt å få vere med på dette. Då foreldra fekk høyre om tøyveskebiblioteket på foreldremøtet vart det veldig godt motteke, fortel May-Britt Horsås.

Det er fem av dei eldste ungane tek imot tøyveskene og stiller opp for fotografering. Etter det er gjort unna er ungane kjappe med å setje seg ned, for å finne ut kva for bøker som er i tøyveskene. Og straks byrja dei å blade i bøkene. Nokre kjenner dei att, og nokre bøker er heilt nye.

I Vaksdal barnehage var det styrar Lene Rohde (til venstre) som tok imot nynorsk tøyveskebibliotek av Hege Lothe, informasjons- og organisasjonsrådgjevar i Noregs Mållag. I Vaksdal var lesing og høgtlesing for ungane eige emne på foreldremøtet i barnehagen. Der vart også leselystprosjektet presentert for foreldra og det fekk det god mottaking.