aktuelt

Har verva over 100 nye mållagsmedlemer på eit halvt år!

Festkomite: frå venstre: Anne Lognvik, Sigrun Aakre Karlson, Drifa Gudmundsdottir, Bergit Lisleåsheim Telnes og Aud Manheim. Foto: Nils Petter Karlsson

I mars i år sette Seljord Mållag seg eit høgt mål. Dei ville prøva å bli 125 medlemer til 125-årsjubileumet i oktober. Det einaste problemet – dei var berre 48 medlemer.

Festkomiteen med Anne Lognvik, Sigrun Aakre Karlson, Drifa Gudmundsdottir, Bergit Lisleåsheim Telnes og Aud Manheim bretta opp ermene og fordelte oppgåver. Og så sette dei i gang det som skulle bli ein særs vellukka vervekampanje i det eldste lokalmållaget i Telemark, ja eldre enn Noregs Mållag sjølv.

Vener, slekt og grannar
No lurer du sikkert på kor mange medlemer dei har verva, men svaret kan vera utdatert så snart du les dette. I snitt vervar dei ein ny medlem annakvar dag. Seljord Mållag har no 157 medlemer. Det er 109 fleire enn i mars! Faktisk står Seljord Mållag for 18 prosent av medlemstilveksten i Noregs Mållag til no i 2026. Dei aller fleste innmeldingane har dei fått ved å snakka med vener, slekt og grannar. Dei har også verva fleire kjendisar.

Høgste tal nokon sinne?
Seljord Mållag har i 2026 gått frå å vera det sjette største lokallaget i Telemark, til å vera det desidert største (Vinje Mållag er nest størst med 120 medlemer). Det har ikkje vore eit så stort lokallag i Telemark sidan 1986, og mest truleg har Seljord Mållag det høgste medlemstalet nokon sinne.

Telemark Mållag – størst på 30 år
Fylkeslaget nyt også godt av medlemsauken, og har no det høgste medlemstalet sidan 1995. Med over 600 medlemer i Telemark, viser det at nynorsk og dialekt er viktig for mange.

Damene i Seljord har i alle fall ei oppmoding. Bli med! Vervekampanjen er eit medvite trekk for å ta vare på Seljordsdialekta og å minna alle i Seljord på at dei er ein nynorsk-kommune. 

Me ynskjer dei til lukke med jubileum og medlemsauke, og vonar du som les dette vert inspirert til å verva ein ven til målsaka sjølv!

Slik vervar dei i Seljord
– Dei har verving på saklista på styremøta
– Dei tenkjer gjennom kven dei kjenner som kan vera aktuell som medlem
– Dei spør: Vil du bli medlem i Mållaget? På melding, e-post eller andlet til andlet
– Får dei ja? Då noterer dei kontaktinfo – adresse, e-post, mobil og fødselsdato.
– Så sender dei til medlem@nm.no
– Noregs Mållag sender velkomstbrev med klistremerke og giro i posten