Ny lagsbyggjar i Trønderlaget
Espen Tørset er tilsett i ei nyoppretta stilling som lagbyggjar i Trønderlaget.
Han er tidlegare fylkesleiar i Trønderlaget og er styremedlem i Noregs Mållag i tillegg til å vere redaktør i Jul i Trøndelag.
– Kva er ein lagbyggjar?
– Det aller viktigaste eg skal gjere er å blåse liv i sovande lokallag og gje støtte til allereie aktive lokallag, fortel Espen Tørset.
Han byrja som lagbyggjar i oktober. Det var fylkesårsmøtet i vår som vedtok å setje av pengar til ein 20%-stilling som lagbyggjar. Det er eit heilt nytt prosjekt at Trønderlaget og ynskje frå fylkesårsmøtet er at det skal gje meir aktivitet lokalt i Trønderlaget.
– I tillegg til organisasjonsbygging, er det viktig å arbeide for å styrkje nynorsken i barnehage og skule, seier Espen Tørset.
I fyrste omgang er han i gong med å lage nynorsk inspirasjonsdag for lærarar og studentar i Levanger. Det er eit samarbeid med lærarutdanninga og barnehagelærarutdanninga.
Dermed har det blitt fem fylkeslag med eigne tilsette.