aktuelt

Målblome til landslagsmålmann Ørjan Håskjold Nyland

Foto: Ketil Blom, NTB Kommunikasjon

– Slik Nyland vakta målet i VM-kampen mot Brasil, slik vaktar han også målet når han viser alle følgjarane sine at landets beste målmann sjølvsagt kan vere ein framfrå målmann. Difor får Ørjan Håskjold Nyland Noregs Mållag sin målblome!

Det sa leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, då han onsdag delte ut målblome til landslagsmålmannen. Målblomen frå Noregs Mållag går til personar som har gjort ein god innsats for nynorsken og dialektane, gjerne i delar av samfunnet der nynorsken er mindre synleg.

Lofnes Hauge trekte fram at Håskjold Nyland var heile Noregs store helt då Noreg nok ein gong slo Brasil i VM, og at han var sentral for at Noreg imponerte stort gjennom heile meisterskapen.

– Håskjold Nyland blir følgt av eit stort publikum både i Noreg og internasjonalt, og som det mest sjølvsagde i verda postar han med jamne mellomrom lange postar på god og stødig nynorsk på Instagram-profilen sin. Ørjan Håskjold Nyland er verkeleg ein helt for mange, og det å vere eit språkleg førebilete for unge gutar og jenter som treng å bli trygge i språket sitt, det fortener all heider, seier Lofnes Hauge.

Tidlegare har Ørjan Håskjold Nyland også gjeve ut Ørjans keeperskole – ei bok for fotballinteresserte gutar og jenter i alderen åtte år og oppover. På nynorsk, sjølvsagt.

Ørjan Håskjold Nyland var glad for heideren.

– Eg vaks jo opp i Volda, så nynorsk har alltid vore ein naturleg del av kvardagen min. Det er jo måten eg snakkar på til vanleg, uansett kvar eg er. Det er noko eg absolutt har prøvd å halde ved like, og noko eg alltid gler meg til å bruke.