Grunnlovfest norsk språk!

Visste du at norsk språk ikkje er nemnt i Grunnlova? Når engelsken tek over, må Grunnlova sikra språket vårt. Vi jobbar for at Stortinget skal gje norsk språk grunnlovsvern, slik 148 andre land har grunnlovfesta sine nasjonalspråk.

Prinsipielt viktig og symbolsk

I februar skal Stortinget handsame eit framlegg om å grunnlovfeste norsk som nasjonalt hovudspråk. Det meiner vi er prinsipielt viktig, symbolsk tungt og vi trur det kan bli viktig for den naudsynte politikkutviklinga i åra som kjem.

I dag er det berre samisk (i grunnlovsteksten i eintal) som har eit eksplisitt grunnlovsvern (paragraf 108). I paragraf 114 er norsk språk indirekte grunnlovfesta gjennom kravet om å måtte tale «språket i landet» for å bli utnemnd til embete i staten.

Språklova frå 2021 slår fast at norsk er hovudspråket i Noreg, og at nynorsk og bokmål er likeverdige skriftspråk. Ei vanleg lov kan likevel endrast av eit enkelt fleirtal på Stortinget, medan Grunnlova gjev eit vern som står over skiftande politiske fleirtal.

Engelsk trugar språket vårt

I akademia er engelsk snart det sjølvsagde språket for forsking, masteroppgåver og undervisning. Fagterminologi på norsk blir ikkje utvikla når ingen brukar han.

I næringslivet er engelsk både arbeidsspråk og reklamespråk – for ikkje å snakke om alle fjonge stillingstitlar.

Born og unge veks opp med strøymetenester, spel og sosiale medium der engelsk er standardspråket, og mange opplever at engelsk er språket for det som er moderne, morosamt og viktig. 

Faren er ikkje at nordmenn sluttar å snakke norsk, men at engelsk tek over der kunnskap blir skapt og makt blir utøvd, på stadig nye område. Vi må stå opp for norsk som fellesspråk i akademia, i næringslivet, i populærkulturen og på arbeidsplassen.

Det er bra å oppdatera Grunnlova

Språket er den viktigaste fellesarenaen vi har for demokrati, samtale og deltaking. Difor høyrer det heime i grunnlova, saman med dei andre berebjelkane i fellesskapet vårt.

Dei siste åra har Stortinget gjort mykje for å oppdatere Grunnlova, med mellom anna ei rekkje menneskerettslege føresegner. Ei grunnlovfesting av statusen til det norske språket vil vere ei modernisering av Grunnlova.

Språk høyrer heime i ei grunnlov

Ifølgje databasen Constitute finst det 148 land i verda med grunnlover som inneheld føresegner om nasjonalspråk. 97 land har grunnlover med føresegner som på ulike vis vernar språkbruk.

Med andre ord peikar halvparten av grunnlovene i verda ut eit offisielt språk eller eit nasjonalspråk. I tillegg kjem dei mange grunnlovene som vernar retten til å bruke morsmålet eller vernar særskilde språk utan å gjere dei offisielle. Europa har mange døme, mellom anna Frankrike, Irland, Austerrike og Slovenia for å nemne nokre. Det er i dag meir vanleg at statar omtalar språk i grunnlovene enn at dei ikkje gjer det.

Det er på høg tid å grunnlovfeste norsk som nasjonalt hovudspråk i Noreg.