Høyringssvar om grunnlovfesting til kontroll- og konstitusjonskomiteen
Kontroll- og konstitusjonskomiteen har no avslutta høyringsrunden om grunnlovfesting av norsk språk. No vonar me på ein god prosess fram mot innstillinga 15. desember, og endeleg vedtak i februar.
Her kan du lese høyringssvaret frå Noregs Mållag:
Noregs Mållag vil takke for høvet til å kome med innspel til grunnlovsframlegget om norsk som nasjonalt hovudspråk. I ei tid der verdsspråket engelsk pressar seg på på ulike område i samfunnet, er det særleg viktig å verne om norsk som nasjonalt hovudspråk. Den norskspråklege fellesarenaen er viktig både i akademia, i pressa, på sosiale medium, i litteraturen, i skulen og på arbeidsplassen.
I ei globalisert verd treng norsk språk eit sterkare vern enn tidlegare. Det er mange land som ser at det er behov for å verne om nasjonalspråka sine. 148 av landa i verda har grunnlover som inneheld føresegner om nasjonalspråk. Over 200 år etter at Noreg fekk si eiga grunnlov, er det framleis ikkje grunnlovfesta at norsk skal vere nasjonalt hovudspråk i Noreg.
Dei siste åra har Stortinget gjort mykje for å oppdatere Grunnlova, med mellom anna ei rekkje menneskerettslege føresegner. Det er i dag meir vanleg at statar omtalar språk i grunnlovene enn at dei ikkje gjer det. Ei grunnlovfesting av statusen til norsk språk, medrekna jamstillinga mellom nynorsk og bokmål, vil vere ei modernisering av Grunnlova.
I juni 2024 leverte leiar i Løvebakken Mållag, Sveinung Rotevatn (V), eit nytt framlegg til Grunnlova på vegner av representantar frå nesten alle stortingsparti: «Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Bokmål og nynorsk er jamstilte og likeverdige norske skriftspråk.»
I språklova, som tok til å gjelde i 2022, vedtok Stortinget at norsk skal sikrast som eit samfunnsberande språk. Grunnlovsframlegget held seg nær formuleringane i språklova. Det trur vi er lurt. Forslagsstillarane meiner det er føremålstenleg å grunnlovfeste statusen til norsk språk på ein så enkel måte som råd, og slik at ein held seg innanfor språket i §§ 1 og 4 i språklova.
Framlegget endrar ikkje den faktiske offisielle språkpolitikken. Dette er til dømes ikkje å forstå som ei grunnlovfesting av obligatorisk sidemålsopplæring. Sidemålsordninga er regulert i opplæringslova.
Forslagsstillarane viser til at framlegget unngår honnørord frå språklova som «status og vern» eller «bruke, utvikle og styrkje». Dette meiner dei vil krevje meir utgreiing for å definere nokolunde klart kva slike ord vil tyde i ein grunnlovssamanheng med trinnhøgd over anna lovgjeving.
Noregs Mållag meiner dette vil vere symbolsk og faktisk viktig for statusen til norsk språk. I denne samanhengen blir norsk språk forstått i vid forstand, og omfattar både standardiserte og ustandardiserte skriftlege og munnlege variantar av norsk.
I ei tid der engelsken pressar seg på, treng språket vårt vern i den viktigaste lova vi har. Det er viktig for å sikre at norsk held fram med å vere eit samfunnsberande språk, og ein fellesarena for alle innbyggjarane i landet.