Abid Raja må sikre nynorsken i staten
Noko  av  det  siste  Trine  Skei  Grande  gjorde  før  ho  overrekte Abid  Q.  Raja  nøklane  til Kulturdepartementet, var  å  føreslå  at  dei  tilsette  i  departementet  ikkje  lenger  må  kunne  skrive  heile det  norske  språket.
Dette  gjorde  ho  i  utkastet  til  ny  språklov.  Språklova  er  god,  og  Trine  Skei  Grande  har  i  hovudsak  gjort  eit  godt  stykke  arbeid,  men bortfallet  av  den  såkalla  individuelle  tenesteplikta  til  å  nytte  både  bokmål  og  nynorsk  står  som  eit  språkpolitisk  knefall  for  Høgre.  Det  hjelper  ikkje  å  lovfeste  det  offentlege  sitt  ansvar  for  særleg  å  styrkje  det  minst  brukte  språket  nynorsk,  om  ein  i  same  lovtekst  effektivt  plukkar  vekk  delar  av  grunnlaget  for  at  alle  borgarane  fritt,  enkelt  og  effektivt  kan  kommunisere  med  staten.
Den nye språklova har vore på høyring, og kjem straks til Stortinget. No må regjeringa høyre etter: Dei må halde på den snart 100 år gamle plikta kvar statstilsett har til å meistre å skrive nynorsk. Å meine at tilsette i staten, som er til for heile Noreg, bør meistre heile det norske språket, er ikkje eit urimeleg krav. Dei har då fått skriveopplæring på skulen. Å erstatte plikta med ei plikt for kvart organ til å ha den naudsynte skrivekompetansen er for det første prinsipielt problematisk. Dessutan legg det eit urimeleg krav på dei tilsette som meistrar nynorsk. Blir dette gjennomført, vil det bli krevjande for kvar statsetat å veksle mellom bokmål og nynorsk slik lova krev.
Det er heller ikkje til å stikke under stol at dette vil svekkje sidemålsordninga i skulen. Vi kan ikkje vedta lover for at det skal vere enklare for Unge Høgre å reise på skuleval og svare norske elevar på kvifor dei må lære seg nynorsk. Slik somme har fritak frå sidemålsopplæring i skulen, er det også fritaksreglar for språkkravet i staten.
I 2013 hadde Høgre ei formulering i stortingsvalprogrammet om at kvar einskild tilsett i det offentlege kunne bruke si eiga målform i arbeidet, også i kommunikasjon med omverda. Tanken var, skal vi tru dåverande kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen at «dette skulle sikre den enkelte språklig frihet». Men som han også sjølv skreiv, meinte programkomiteen han leia før 2017-valet at «dette bygget på et galt resonnement». Det har han heilt rett i. Og desse orda bør Abid Q. Raja kviskre i øyra til arbeids- og sosialminister Røe Isaksen når regjeringa møtest for å oppsummere høyringa. Han bør leggje til at både Venstre og Høgre grunnleggjande sett bør meine at staten først og fremst er til for borgarane.
Kulturminister Abid Q. Raja kom kanskje ikkje til heilt blanke ark på skrivepulten sin i Kulturdepartementet, men han bør bruke fargestiftane sine til å rette opp feila frå i går. Det er viktig for nynorsken i morgon.
Peder  Lofnes  Hauge
Nestleiar  i  Noregs  Mållag  og  tidlegare  Venstrerådgjevar
Anders  Riise
Styremedlemer i  Noregs  Mållag,  Høgrepolitikar