Ny leiar i Kringkastingsringen
					Inger Johanne Ruset (34) frå Valldal i Møre og Romsdal er vald til ny leiar i Kringkastingsringen.
Ho  blir  leiar  samstundes  som  NRK  for  første  gong  har  greidd  kravet  om  25  %  prosent  nynorsk,  men  meiner  at  mykje  arbeid  framleis  står  att.
– Det  var  imponerande  at  NRK  faktisk  greidde  å  koma  seg  over  kravet,  men  på  nettsidene  er  det  framleis  eit  stykke  att,  seier  Ruset.
– Samstundes  ser  eg  at  me  som  organisasjon  ikkje  berre  kan  konsentrera  oss  om  NRK  og  TV2.  Medielandskapet  endrar  seg.  NRK  lagar  nettavis,  og  VG  lagar  fjernsyn.  Difor  håpar  eg  at  me  også  kan  spela  ei  rolle  i  å  få  meir  nynorsk  inn  andre  stadar  enn  berre  i  NRK.  At  årsmøtet  gav  meg  tillit  til  å  leia  dette  arbeidet,  var  stas.
Inger Johanne Ruset arbeider som politisk rådgjevar i Norges Ungdomslag. Ho var nynorskpraktikant ved NRK Nynorsk mediesenter, og arbeidde ei stund i NRK Møre og Romsdal. Ho har vore dagleg leiar for Ingebrigt Davik-huset i Haram.
Kringkastingsringen er ein ubunden medlemsorganisasjon som arbeider for at det er minst 25 % nynorsk i NRK og at det er mest mogleg nynorsk og dialekt i alle andre mediekanalar. Organisasjonen vart skipa i 1955, har om lag 700 medlemer og har kontor i Oslo.
Det  nye  styret: Inger  Johanne  Ruset  (leiar),  Ingjerd  Lindeland,  Sigrid  Sofia  Kleiva-Gramstad,  Erik  Grovassbakk,  Hans-Olav  Rise,  Kari  Nygard  Tvilde  og  Mattias  Rolighed  Bergset. 
Varamedlemmar:  Arne  Henning  Årskaug,  Mone  Celin  Skrede,  Vegard  T.  Foseide,  Mona  Vetrhus.