aktuelt

Utlysing av nye midlar

Foto: Hege Lothe / Noregs Mållag

Noregs Mållag lyser ut 250 000 kroner til prosjekt som styrkjer nynorsk skulemål. Søknadsfrist er 26. august 2020.

Noregs Mållag har fått ei gåve på 5,5 millionar kroner som skal forvaltast forsvarleg og med låg risiko. Dersom pengane har gjeve ei høveleg stor avkastning, skal styret lysa ut midlane om lag kvart tredje år.

Midlane skal gå til arbeid som styrkjer nynorsk. Styret kan avgjera frå utlysing til utlysing kva fagområde ein inviterer til søknader på. Fylkeslag i Noregs Mållag vil bli prioriterte over lokallag og einskildpersonar. Mottakarane må levera rekneskap og rapport for arbeidet seinast eitt år etter tildelinga. 

I 2020 tildeler Noregs Mållag midlar for prosjekt som gjeld styrking av nynorsk skulemål. Nynorske motivasjonsdagar for lærarar og prosjekt som går i randsonene eller elles der nynorsk i skulen er under press vil bli prioriterte. I 2020 er potten for tildeling på inntil 250 000 kroner. 

Søknadsfrist 26. august 2020. Send søknad til gro.morken@nm.no