aktuelt

170 nye medlemer!

Medlemstalet går rett veg, og no har 13 362 betalt medlemspengar.

Etter 1. oktober har me verva 170 nye medlemer. Det er fullt mogeleg å nå målet om 14 000, men då er me avhengige av at alle lag gjer ein innsats. I midten av november sender me påminning til dei om lag 1200 som ikkje har betalt.

Status på vervetevlinga
Dei tjue laga med flest nye medlemer i 2020 vinn flotte bokpakker. Dette er topp tjue i dag, men rett bak følgjer tjue lag til med fem og fire nye medlemer kvar, så her kan ting endre seg fort. Lurer du på korleis laget ditt ligg an? Det er berre å spørje!

LokallagNye i 2020
Bergen Mållag43
Oslo Mållag36
Volda Mållag13
Stavanger Mållag11
Suldal Mållag11
Kvam Mållag10
Nidaros mållag9
Senjamållaget9
Jæren Mållag8
Mållaget i Kristiansand 8
Sandefjord og Sandar Mållag8
Sogndal Mållag8
Vinje Mållag8
Askøy Mållag7
Kvinnherad Mållag7
Bjørnafjorden Mållag6
Borgund Mållag 6
Etne Mållag 6
Førde Mållag6
Stord Mållag6