Vel nynorsk for barnet ditt i Bergen
					Bystyret i Bergen har sett av 2 millionar kroner for å opprette ei fast nynorskklasse på ein skule i Bergen frå hausten 2021.
Dette vil gje foreldre i Bergen høve til å ha ungane sine i nynorskklasse utan å måtte gå vegen om ein storstila aksjon for å skaffe nok ungar til å opprette ei eiga klasse.
Innskriving  for  hausten  2021
Innskrivingsbrevet  frå  Bergen  kommune  er  gått  ut  til  foreldre  som  har  born  som  skal  byrje  på  skulen  hausten  2021.  Her  er  det  høve  til  å  seie  frå  om  ein  ynskjer  at  eleven  skal  ha  opplæring  på  nynorsk.
Det er tenkt at tilbodet skal vere på ein bestemt skule, men kommunen har ikkje sagt kva skule dette skal vere. Det er difor viktig at flest mogeleg som er interesserte i nynorskklasse, kryssar av for det, så kommunen ser kvar det er størst interesse.
Viktig  tilbod
–  Noregs  Mållag  har  arbeidd  for  å  få  til  eit  slikt  fast  tilbod  i  Bergen,  fordi  vi  ser  at  den  jobben  som  vert  kravd  av  foreldre,  er  med  å  halde  mange  attende  frå  å  få  til  ei  klasse,  seier  Peder  Lofnes  Hauge,  leiar  i  Noregs  Mållag.
–  Det  er  eit  godt  vedtak  å  opprette  ei  fast  nynorskklasse  på  ein  sentrumsskule  i  Bergen.  Samstundes  er  det  eit  tiltak  som  aldri  har  blitt  prøvd  før  i  Noreg,  og  vi  er  svært  spente  på  korleis  det  vert  teke  imot,  seier  Peder  Lofnes  Hauge.
Rett  til  parallellklasse
Det  er  viktig  å  presisere  at  retten  til  eigen  nynorskklasse  etter  opplæringslova,  om  minst  ti  elevar   ynskjer  det,  gjeld  framleis.  Det  nye  vedtaket  er  eit  særskilt  nynorsktilbod  frå  kommunen.
Dei siste tjue åra har det blitt oppretta nokre få nynorskklasser i Bergen. På Landås skole vart det oppretta nynorskklasse hausten 2001, 2002 og 2004. I 2009 vart det etablert nynorskklasse på Minde skole.
Budsjettvedtaket  i  Bystyret
Det  var  byrådet  og  Sp  og  SV  som  laga  fleirtal  for  dette  budsjettvedtaket:
«Nynorske  parallellklasser
Bergen  kommune  er  opptatt  av  nynorsk  og  vil  gi  fast  tilbud  om  en  nynorsk  parallellklasse  på  en  sentrumsskole.  Det  skal  generelt  legges  til  rette  for  parallellklasser  i  Bergen  der  foreldrene  til  minst  10  elever  ønsker  dette.
2 mill. kroner til tiltaket.»
Ynskjer  du  at  barnet  ditt  skal  gå  i  nynorskklasse?
Ta  gjerne  kontakt  med  Live  Havro  Bjørnstad,  prosjektsekretær  i  Hordaland  Mållag,  91  75  39  37  eller  e-post  live.bjornstad@nm.no 
Kjenner  du  nokon  som  burde  få  tips  om  denne  nye  ordninga?  
Send  denne  informasjonen  vidare,  eller  send  tips  til  Live  Havro  Bjørnstad.