aktuelt

Nynorskstipend til Tarjei Øvrebotten

Foto: Gro Morken Endresen

Tarjei Øvrebotten har fått stipend på 50 000 kroner frå Noregs Mållag. Han skal nytte stipendet til å lage ein app med eit oppslagsverk som legar kan bruke til å slå opp informasjon ein kvar dag brukar som lege.

Tarjei Øvrebotten kjem frå Naustdal, er 36 år og utdanna lege. Han arbeider på Akershus universitetssjukehus og er i spesialisering som hjartelege. Han har sjølv sakna eit hendig oppslagsverk i kvardagen.

– Mållaget tykkjer dette er eit glimrande prosjekt. Innanfor medisin er det få som nyttar nynorsk, og då er det ekstra viktig med ein god og bruksvenleg app, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

I kardiologien er det mange emne å halde styr på. Tarjei Øvrebotten vil mellom anna at appen skal tilby eit kartotek av bilete og informasjon, der alt helsepersonell som tek EKG, kan slå opp for å finne informasjon og få hjelp til å ta avgjerder.

– Etter det vi veit, finst det ingen appar som tilbyd dette, korkje på norsk eller engelsk, seier Peder Lofnes Hauge.

Tarjei Øvrebotten er godt i gang med å teste ut ein prøveversjon. Men før appen kan sendast ut på marknaden, må han gå gjennom ei profesjonell optimalisering av kodinga, medisinsk faggjennomgang og språkvask.

Kvart år deler Noregs Mållag ut to nynorskstipend på 50.000 kroner. Midlar til stipenda får vi av Kulturdepartementet, og føremålet er å hjelpe fram gode prosjekt som kan fremje nynorsk på alle samfunnsområde. Det eine skal gå til ei kvinne, og det andre skal gå til ein mann.