Medlemsrekord for Mållaget!
					Noregs  Mållag  har  passert  15  431  medlemer.  Det  er  det  høgste  medlemstalet  sidan  1985.
–   Det  er  kjempestas  at  så  mange  vil  vere  med  i  Mållaget,  jublar  Synnøve  Marie  Sætre,  leiar  i  Noregs  Mållag.
– At me har så god vekst, gjev oss ekstra giv i arbeidet for nynorsken. Det er viktig når me skal sikre nødvendige gjennomslag for nynorsken i opplæringslova det komande året, seier ho.
Allereie i august passerte Noregs Mållag fjorårets rekordtal med 14 104 betalande medlemer, og i oktober runda organisasjonen 15 000 medlemer.
Dei  siste  åra  har  det  vore  jamn  medlemsvekst.  I  valkampen  gjorde  likevel  medlemstalet  eit  kraftig  byks.
–  Me  fekk  om  lag  1 500  nye  medlemer  etter  at  FpU  gjekk  ut  med  slagordet  «F***  nynorsk»  i  skulevalkampen,  fortel  Synnøve  Marie  Sætre.
Ho  gler  seg  over  at  Mållaget  har  medlemsvekst  i  heile  landet,  og  at  det  er  både  unge  og  eldre  som  melder  seg  inn.  Dette  er  det  høgste  medlemstalet  som  registrert  i  organisasjonen  sidan  Mållaget  byrja  med  sentral  medlemspengeinnkrevjing  i  1986.
–  Det  høge  medlemstalet  er  eit  resultat  av  godt  lagarbeid.  Me  har  nær  200  lokale  lag  over  heile  landet,  og  det  blir  det  godt  vervearbeid  av,  smiler  Synnøve  Marie  Sætre.  Noregs  Mållag  har  i  dag  over  5000  fleire  medlemer  enn  for  10  år  sidan.