aktuelt

Åge Aleksandersen får heider av Mållaget

F.v. Espen Tørset, leiar i Trønderlaget, Åge Aleksandersen og Synnøve Marie Sætre, nestleiar i Noregs Mållag.

Åge Aleksandersen får Noregs Mållag sin Målblome «for å ha gjort trøndersk til hjartespråket og brøytt veg for nye generasjonar av dialektbrukarar.»

– Gjennom ein lang og rik karriere har Åge Aleksandersen vist at det trønderske talemålet fungerer like godt som noko anna til å fortelje historier for kvardag og høgtid. Han har sett ord på dei store kjenslene i livet, for folk i heile landet, sa nestleiar i Noregs Mållag, Synnøve Marie Sætre, i sin tale til trønderen.

Dialektane i Noreg er under press. Fleire talemål blir sett ned på. Særleg for unge dialektbrukarar er det difor viktig med språklege førebilete som gjev dialektane plass. 

– Åge Aleksandersen er eit slikt førebilete. Vi må alle sjå og høyre dialektar rundt oss i kvardagen, både for å bli trygge i eigen dialektbruk, men også fordi det gjev talemålet status, seier Synnøve Marie Sætre.

– Som ein av dei aller største norske artistane har han gjennom fleire tiår prega norsk musikk og gjeve det norske folk store opplevingar. Opplevingar som mykje takka vere språket, har blitt både sterkare og nærare for oss enn det engelske låtar kan få til, legg Sætre til.

Målblomen vart delt ut torsdag morgon under Nynorsk inspirasjonsdag i Trondheim, som vart arrangert av Trønderlaget og Institutt for lærarutdanning ved NTNU.