korleis drive eit lokallag

Aktivitetar

Aktive lokallag er heilt avgjerande for posisjonen til nynorsk i Noreg. På denne sida finn de framlegg til aktivitetar, men det er mest berre fantasien som set grenser for kva de kan gjere.

Bli synlege

Å vise seg fram i lokalmiljøet er ein av dei mest effektive måtane å arbeide for målsaka.

Det er viktig at born møter nynorsk frå dei er små. Det vil styrkje haldninga deira til nynorsk og språkutviklinga deira. Som regel er det opp til den einskilde barnehagen om det blir lese nynorsk, og om nynorsk blir snakka om. Lokallaga bør arbeide for kommunale vedtak som sikrar at ungane får møte og lære om nynorsk i barnehagane i kommunen, til dømes gjennom ein kommunal språkbruksplan.

Vitje barnehagane
Barnehagane blir ofte svært glade for å få vitjing av mållaget. De vel sjølve om de vil møte ungane og til dømes lese litt for dei, eller om de berre vil ta ein prat med dei vaksne.

Det kan vere lurt å ha med seg materiell til å dele ut i barnehagane:

  • Flygeblad som seier noko om kva plass nynorsken kan ha i barnehagen, og gjev nokre idear til korleis ein kan bruke meir nynorske bøker og songar. 
  • Song- og teikneheftet “Gjennom ord blir verda stor”, retta inn mot borna. Teikningar som kan fargeleggjast og songar ein kan syngje i barnehagen eller heime. 
  • Jakkemerke og rulle-opp-banner med slagordet “Gjennom ord blir verda stor”.

Bokpakker:
Forlaga Skald og Samlaget tilbyr rabatterte bokpakker som lokallaga kan kjøpe til barnehagane. I tillegg vidareformidlar vi eit tilbod frå Bravo. Kanskje er kommunen interessert i å spleise med dykk?

Både Mållaget og LNK (Landssamanslutninga for nynorskkommunar) ynskjer at kommunane vedtek eigne språkbruksplanar. For å få det til, må det lokale mållaget enten skrive brev til kommunen og ordføraren og be om at det vert sett i gong eit arbeid og/eller kontakte lokale parti i kommunestyret og be dei gjere eit arbeid for å få saka på dagsorden. Slik kan dei lokale mållaga arbeide aktivt oppimot dei lokale folkevalde i kommunestyrene. Dei kan enten be politikarane inn på mållagsmøte eller be om å få eit møte eller vere med på gruppmøte for å leggje fram Mållaget sitt syn på ei sak og argument for dette. Mange lokale folkevalde ynskjer å leggje til rette for nynorsk, men veit likevel ikkje kva som er god praktisk språkpolitikk. Difor vert innspel frå lokale mållag ofte godt tekne imot.

Ordskifte? Bokopplesing? Føredrag? Tilskipingar på kveldstid kan vere eit godt høve til å vise seg fram i lokalmiljøet og styrkje økonomien. Kanskje kan andre lag vere interesserte i å samarbeide om ei tilskiping? 

Er det nokon i nærmiljøet som har gjort noko viktig for nynorsken og kunne fortent ein pris for det? Mange lokallag deler ut målprisar, som skapar positiv merksemd.

Vil de ha hjelp til å lage diplom? Ta kontakt med Tonje Thorstad Kildal: tonje.kildal@nm.no

Språkkaféar for vaksne innvandrarar og innbyggjarane i kommunen har vore stor suksess for fleire lokallag. Dette er eit tiltak som kan få støtte, til dømes av kommunen. Tiltaket fremjar både språklæring og kontakt mellom innvandrarar og lokalbefolkning. 

Å tematisere målsak i media kan gjerast på fleire måtar. De kan til dømes skrive eit lesarinnlegg, eller de kan ta kontakt med lokalmedia for å tipse om ei aktuell sak. For å få fram nyheitssaker er det lurt å tenkje gjennom kva de meiner er feil ved dagens situasjon, og kva de meiner bør gjerast annleis.

Det offentlege er den viktigaste språkbrukaren i Noreg, og de kan gjere mykje for å få aktørar i stat og kommune til å bruke meir nynorsk.

Språkbruksplan i kommunen
Mange kommunar har god nytte av ein språkbruksplan, og ein slik plan kan de i lokallaga jobbe for. Slike planar er spesielt viktige i nynorskkommunar, men òg i språkblanda kommunar, særleg i samband med kommunesamanslåingar. Ein språkbruksplan kan til dømes sikre at både nynorsk og bokmål blir bruka i administrasjonen, og at kommunale skilt blir sette opp på nynorsk. I og med at kommunane ikkje er bundne av eit lovverk for målbruk, slik staten er gjennom mållova, er det ekstra viktig at kommunane har eigne retningsliner for målbruk. 

Brot på mållova
Staten er bunden av reglar for målbruk gjennom mållova. Diverre skriv mange statlege organ ofte bokmål der dei skal skrive nynorsk, og det kan de i lokallaget hjelpe med å gjere statsorgana merksame på. Ser de til dømes eit skilt i kommunen som de trur skulle vore på nynorsk, eller får de som nynorskbrukarar svar frå staten på bokmål? Då kan de ta kontakt med det aktuelle statsorganet og gjere dei merksam på brotet, helst med kopi til Språkrådet, som har ein tilsynsfunksjon overfor staten. Dersom de er usikre på om de har med eit mållovsbrot å gjere, kan de ta direkte kontakt med Språkrådet.

Politisk arbeid under lokal- og fylkestingval
Kommune- og fylkestingsval er eit godt høve til å setje nynorsk på dagsordenen lokalt. 

Døme på tiltak:

  • Skriv debattinnlegg: Bruk valkampen til å utfordre kommunestyrekandidatane til å få til god nynorskpolitikk i kommunen. 
  • Hald debattmøte: Ein valkamp kan vere eit godt høve til eit debattmøte. Ynskjer laget ditt å få besøk i valkampen, ta gjerne kontakt så ser vi kva vi får til.
  • Del ut flygeblad og stå på stand: Vi lagar eit enkelt valflygeblad, og dessutan har de alt det andre materiellet å velje i.

Mobiliser lokalmiljøet

De nasjonale kampanjane er språkpolitiske satsingsområde for Noregs Mållag. De i lokallaga er dei aller viktigaste aktørane i dette arbeidet.