aktuelt

Åmli + nynorsk = Sant

I kommunestyremøtet i Åmli fyrstkomande torsdag, 19. mars, skal kommunestyret handsama ei sak om å skifta administrasjonsspråk i Åmli kommune frå nynorsk til språknøytralt.

Bakgrunnen for forslaget er at enkelte tilsette i kommunen kan synast nynorsk er utfordrande som arbeidsspråk, og at litt over halvparten av dei tilsette meiner dei ikkje meistrar språket godt nok. Dei påpeiker òg at dette kan gjera det vanskeleg å rekruttera nye tilsette til kommunen. Noregs Mållag meiner at Åmli bør halda fram som nynorskkommune, og at språkvedtaket ikkje er nødvendig.

Nynorsken har djupe røter i Åmli, og var frå 1909 opplæringsmålet ved skulane i kommunen. I 2010 vart opplæringsmålet endra til bokmål, sjølv etter at eit klart fleirtal av innbyggjarane røysta for å halda på nynorsk som undervisningsspråk. Det er framleis mange kjensler knytte til dette vedtaket. Det har ein viktig symbolverdi at administrasjonsspråket i Åmli er nynorsk. Å endra frå nynorsk til nøytralt administrasjonsspråk vil av mange verta oppfatta som eit siste spark mot det fleirtalet som røysta for nynorsk i 2010.

Paragraf 1 i språklova seier at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremja nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket, eit ansvar òg Åmli kommune bør ta. Nynorsk er ei levande kyrkjespråk i kommunen, og stør opp om kor viktig språket er og har vore gjennom eit hundreår.

Tilbakemeldinga om at fleire tilsette i kommunen meiner at dei ikkje meistrar nynorsk bør fyrst og fremst føra til at det vert laga kurs i nynorskskriving. Nynorskkommunane (LNK) har eigne nynorskkurs for sakshandsamarar i kommunane, og desse får svært gode tilbakemeldingar. Det er heller ingenting i vegen for at tilsette og folkevalde kan nytta bokmål i intern kommunikasjon, sjølv om det er ein nynorskkommune.

I argumentasjonen frå Raudt er det sagt at nøytralitet gjev valfridom. Diverre syner saksframlegget frå kommunedirektøren at det ikkje vert lagt opp til spesielt mykje valfridom i kommunen. Tvert om vert det slege fast at kommunikasjon ut imot innbyggjarane vi nettsidene skal vera på bokmål. Når ein pålegg dei tilsette å skriva all denne informasjonen på bokmål, må me stilla spørsmål ved kor språkleg nøytral kommunen planlegg å vera.

Erfaringa frå mange språknøytrale kommunar fortel oss at mange tilsette som gjerne kunne ha skrive nynorsk, lèt vere fordi dei ynskjer å ikkje skilja seg ut frå fleirtalet. Dette saman med nettsida på bokmål fører til meir bokmålsbruk.

Innbyggjarane i Åmli har ikkje uttalt folkekrav om ei språkleg endring i kommunen, og det er difor ikkje tenleg å fatta eit vedtak omkring språket. Det finst gode tiltak Åmli kan gjera for framleis å fungera som ein nynorskkommune med bokmål i grunnskulen. Her er Noregs Mållag på tilbodssida dersom kommunen ynskjer det.

Til slutt vil me nemna at å halda fram som nynorskkommune ikkje er å tvihalda på noko. Det er å ta vare på og forvalta ein immateriell kulturarv som er både verdifull og viktig. Det har aldri vorte gjeve ut meir nynorsk litteratur, aldri vore fleire kommunar med nynorsk vaksenopplæring og heller aldri vore meir nynorsk tekst i samfunnet enn i dag. At mengda bokmål veks meir enn nynorsk, er ikkje eit teikn på at nynorsken døyr ut, men eit resultat av demografi, folkevekst og flyttemønster.

Det finst gode grunnar til at Åmli bør halda fram som nynorskkommune. Skulle Åmli landa på å vedta språknøytralitet, vil me be om at alle føringane om kvar det skal skrivast bokmål, vert strokne frå vedtaket, og at kommunestyret handsamar språkpolitikken og -vekslinga på ein grundigare måte.

Alle i Noreg møter rikeleg med bokmål, dei fleste møter for lite nynorsk.