aktuelt

Anita Grønningsæter Digernes er ny redaktør i Norsk Tidend

Anita Grønningsæter Digernes (33) er tilsett som redaktør for Norsk Tidend og kommunikasjonsrådgjevar i Noregs Mållag.

Digernes kjem frå stillinga som journalist og deskmedarbeidar i Vårt Land, der ho har jobba sidan 2014. Ho har bachelor i journalistikk frå Høgskulen i Volda og i politikk og internasjonale relasjonar frå Kingston University i London, i tillegg til ei årseining i sosialantropologi frå Universitetet i Bergen.

– Eg veit kor viktig det er å få bruke sitt eige mål i kvardagen, både som barn og vaksen. Det vil vere svært gjevande å kunne bidra til å styrkje nynorsken i åra som kjem. Eg gler meg! seier Digernes.

Før ho vart tilsett i Vårt Land, har Anita Grønningsæter Digernes vore innom fleire aviser, mellom anna Sunnmørsposten og Klassekampen.

Leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge er svært nøgd med tilsetjinga.

– Eg ser fram til å få Anita med på laget. Ho har tung journalistisk røynsle og vil bli ein god redaktør av Norsk Tidend. Vi hadde fleire godt kvalifiserte søkjarar denne gongen, men Anita var den aller beste. Det er kjekt at flinke folk søkjer seg til Noregs Mållag.

Digernes tek over stillinga etter Astrid Marie Grov, som blir dagleg leiar i Bondeungdomslaget (BUL) i Oslo.

Anita Grønningsæter Digernes er 33 år og kjem frå Volda på Sunnmøre. Ho tek til i stillinga 15. september.