aktuelt

Både fleirtal og mindretal for nynorsk

På valdagen i førre veke var det skulemålsrøysting i tre kommunar: Aure, Hemsedal og Kinn. Det vart fleirtal for nynorsken i Hemsedal, og i Aure og Kinn vart den i  mindretal.  

I Hemsedal kommune er det ein lang tradisjon for å skrive nynorsk og snakke hallingdialekt. Siste åra har det vore opna meir og meir for bokmål i skulen, sjølv om skulane har nynorsk som opplæringsspråk. 

– Eg tykkjer det er gledeleg at det vart eit nynorskfleirtal i Hemsedal. Eg vonar kommunen vil vedta nynorsk som opplæringsspråk og leggje inn mykje ressursar for å få til god nynorskundervisning i åra som kjem. Det vil vere viktig for heile Hallingdal, men først og fremst for elevane i Hemsedal, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. 

I Hemsedal kommune er det i dag 68 nynorskelevar og 236 bokmålselevar. I Hemsedal røysta 49,9 prosent for nynorsk som opplæringsspråk i grunnskulen. 47,4 prosent røysta for bokmål, og 2,6 prosent røysta blankt. Folkerøystinga er rådgjevande. Valdeltakinga var på 51, 8 prosent. 

Aure
Også i Aure kommune på Nordmøre er nynorsktradisjonane lange. På to av barneskulane er det berre nynorskelevar, medan den tredje skulen har bokmålselevar, og i heile kommunen er det sterk overvekt av nynorskelevar

I Aure vart det 53, 2 prosent for bokmål og 42,4 prosent for nynorsk. Det var 1310 personar som røysta. I dag er det ei klar overvekt av nynorsk i skulen med 268 nynorskelevar og 97 bokmålselevar. 

– Det framstår som underleg at kommunestyret skal endre opplæringsmålet for heile kommunen, når det er så godt innarbeidd, seier Peder Lofnes Hauge.

Kinn
– Eit større og større fleirtal av elevane på Skram skule i Måløy har nynorsk som opplæringsspråk. Eg har trua på at kommunestyret i Kinn går for nynorsk som opplæringsspråk, seier Peder Lofnes Hauge.

Kinn kommune er ein ny kystkommune nord i Vestland fylke. I dag er det 2077 nynorskelevar i kommunen, mot 155 bokmålselevar. Av 1903 røysteføre i Måløy krins, røysta 762 personar om opplæringsspråket på Skram skule. Totalt 40,04 prosent av dei røysteføre i Måløy krins nytta høvet til å røyste. Prosentfordeling av innkomne røyster vart 55,5 prosent for bokmål, 41,7 prosent for nynorsk og 2,8 prosent røysta blankt. Det er venta at sak om opplæringsspråk ved Skram skule kjem til kommunestyret seinare i haust.