aktuelt

Be om skattemeldinga på nynorsk!

Frå 16. mars kjem skattemeldinga, og vi oppmodar alle medlemmer om å sjekka at dei har valt å få henne på nynorsk.

I dag har Noregs Mållag sendt e-post og tekstmelding til alle medlemmer med ei oppmoding om å be om skattemeldinga på nynorsk. Ein del får meldinga på bokmål utan å tenkja over det.

– Skattemeldinga er ei svært konkret melding til styresmaktene frå oss språkbrukarar om at vi ikkje er så reint få nynorskbrukarar, og at det offentlege har eit ansvar for både bokmål og nynorsk, seier leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge.

Språkvalet kan endrast på nett her. Om du får meldinga på papir, kan du registrere språkvalet under post 1.5.7 i skattemeldinga.