Bergenselevane fortener solid språkopplæring, ikkje populistiske stunt
Medan Meyer-byrådet står i si verste krise, har Framstegspartiet funne tid til å initiere eit forsøksprosjekt som vil svekkje nynorsk. Det er ei oppsiktsvekkjande prioritering, skriv Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, i dette debattinnlegget.
Christian Haugen (Frp) har fått med seg Bergenslisten, INP og Pensjonspartiet. No vil dei søkje staten om forsøksprosjekt om valfritt sidemål og felles karakter. Dei kallar det eit pilot(!)prosjekt, men tilsvarande forsøk er gjennomført før. Når Høgre og Framstegspartiet har tatt initiativ til dette i andre norske kommunar siste åra, har styresmaktene sagt blankt nei. Det kjem sjølvsagt også til å vere tilbakemeldinga til Bergen kommune.
Elevane i bergensskulen fortener like god opplæring og vurdering i begge dei norske skriftspråka som alle andre. Språkopplæringa til bergensborna kan ikkje ofrast på Framstegspartiet sitt populistiske nynorskalter. Forslaget bryt fundamentalt med Bergen kommune sin språkpolitiske plan Ordet fangar frå 2023.
Dei har dei siste fem åra køyrt ein FUCK NYNORSK-kampanje som viser deira sanne ansikt: Dette handlar ikkje om sidemål eller talet på norskkarakterar, dette handlar om nynorsk. Det er ikkje pent å sjå på.
Noreg er eit tospråkleg land med to likestilte skriftspråk – nynorsk og bokmål. Dette språklege mangfaldet er ein sentral del av vår kultur og historie.
For å sikre reell språkleg likestilling og gi alle elevar fridom til å velje kva skriftspråk dei vil bruke, har vi obligatorisk sidemålsopplæring med karakter i skulen. Å lære alle elevar å skrive både nynorsk og bokmål er skulen si kjerneoppgåve, og å lære begge skriftspråka aukar den totale språkforståinga. I eit tid der norsk språk er under press, bør ikkje svaret vere mindre norsk.
Forslagsstillarane bør ha meir tillit til eksisterande forsking og borna si evne til språkinnlæring. Og kvar blei det av dei språkpolitiske og kulturelle ambisjonane?
I ein karakterstyrt skule er det karakteren som sikrar at arbeidet med sidemål skal bli prioritert av lærarar og elevar. Han signaliserer likeverd mellom nynorsk og bokmål. Å fjerne karakteren vil sende eit signal om at sidemål ikkje tel like mykje som hovudmålet, og gje elevane mindre norskopplæring.
Vi har enno ikkje fått vurdering av konsekvensane av å fjerne sidemålskarakteren i 8. og 9. klasse på ungdomsskulen og 1. og 2. klasse på vidaregåande. Men vi får tilbakemeldingar på at det fører til seinare start med arbeidet med sidemål, sidan karakteren ikkje skal setjast før i tiande klasse.
Heller enn å svekkje sidemålsordninga slik vi kjenner ho, bør Bergen gjennomføre eit storstilt positivt forsøk – som tar sikte på å auke elevane sin kompetanse i begge språka. Opplæringa bør byrje tidlegare og lærarane bør ha god kompetanse til å drive engasjerande og motiverande opplæring i og på nynorsk. Elevane bør bade i nynorsk i andre fag enn norsk. Eksponering er nøkkelen til betre handlingar, meir kunnskap og større kompetanse. Det vil alle andre enn strategane i Frp tene på.