aktuelt

Boklova må styrkje nynorsk litteratur

Synnøve Marie Sætre
Synnøve Marie Sætre

– Boklova må vere eit verkemiddel for å få meir nynorsk litteratur ut til folk, seier Synnøve Marie Sætre, fungerande leiar i Noregs Mållag. 

Kultur- og likestillingsdepartementet har sendt ut framlegg til boklov, og Noregs Mållag er glade for at lova får ein språkpolitisk føremålsparagraf.

– Det er gledeleg at boklova er tydeleg på at ho skal bidra til å styrkje nynorsk skriftkultur, seier Synnøve Marie Sætre.


– Å oppretthalde eit stort litteraturfelt på norsk er viktig for det norske språket, og det er særleg viktig for den nynorske skriftkulturen.

Med ei boklov som har som føremål å styrkje nynorsk skriftkultur, ventar Mållaget at den nye lova bidreg til konkrete tiltak som gjev nynorske forlag og forfattarar gode vilkår.  

Mållaget ventar også at boklova, til liks med Språklova, anerkjenner at styrkeforholdet mellom nynorsk og bokmål er skeivt, og at det difor er naudsynt med særlege tiltak for å styrkje den nynorske skriftkulturen.

– Særleg litteratur på nynorsk for born og unge er viktig, seier Sætre og held fram:
– Born som har nynorsk som hovudmål, har for lite tilbod om nye utgjevingar på eige skriftspråk, og me vonar at boklova bidreg til ei naudsynt betring.