aktuelt

Borgarleg semje svekkjer nynorsken

Stortinget gjer få endringar i språklova, som skal vedtakast 25. mars. Det likar Noregs Mållag dårleg. – Venstre og KrF bidreg til å svekke nynorsken i staten, meiner leiar Peder Lofnes Hauge.

– Her har Venstre og KrF tydelegvis gjort knefall for Høgre. Det er frykteleg skuffande. Vi hadde forventa ei språklov som verkeleg var offensiv på vegner av nynorsken, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Noregs Mållag var ikkje nøgd då regjeringa sende språklova til Stortinget i mai i fjor, men hadde håpa at Stortinget ville forbetre lova.

– Føremålsparagrafen er historisk bra og lovfestar det offentlege sitt særlege ansvar for å fremje og sikre nynorsk som det minst brukte språket. Diverre står ikkje resten av paragrafane i stil med lova sitt eige føremål.

– Regjeringspartia har svekt kravet om nynorskkompetanse for tilsette i staten. Det er alvorleg og vil svekkje nynorsken i offentleg forvalting. Dessutan er det eit brot på regjeringa si eiga politiske plattform, seier Peder Lofnes Hauge.

Han er også skuffa over at språknøytrale fylkeskommunar ikkje får ei klar talfesting av korleis dei skal veksle mellom bokmål og nynorsk og at klageretten blir innsnevra.

Den nye språklova får ikkje sanksjonar, men eit fleirtal i Stortinget vil vurdere dette seinare.

– Vi meiner at lova må ha sanksjonar. Det er ikkje urimeleg å vente at staten følgjer sitt eige lovverk, seier Peder Lofnes Hauge.

Familie- og kulturkomiteen har samla seg om ei rekkje merknader som viser at dei anerkjenner ein del særlege utfordringar nynorsken har på ulike område i samfunnet.

– Difor er det eit skuffande at Høgre sin konservative vrangvilje hindrar regjeringspartia i å vedta ei lov som faktisk vil styrkje nynorsken.