aktuelt

Budsjettavtale med ein ekstra million til Noregs Mållag

Peder Lofnes Hauge (Foto: Thomas Brun, NTB Kommunikasjon)

Budsjettavtalen mellom Arbeidarpartiet, Senterpartiet, SV og Raudt inneheld ein ekstra million til Noregs Mållag og 1,5 millionar kroner til Jakob Sande – senter for forteljekunst.

– Dette er utruleg bra, og viser at budsjettpartnarane ser kor viktige vi er for nynorsken og norsk språkpolitikk, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Han var sterkt kritisk til at Ap-regjeringa og kulturminister Lubna Jaffery i sitt budsjettframlegg tok bort «mållagsmillionen», som dei raudgrøne forhandla inn på Stortinget førre haust.

– Nynorsken kan ikkje vere eit årleg forhandlingskort frå regjeringa. No er millionen på plass igjen, og vi ventar no ei skikkeleg satsing på nynorsk i åra som kjem. Løyvingane står ikkje i stil med ambisjonane, slår Peder Lofnes Hauge fast.

Også nynorskscena Det Vestnorske Teateret i Bergen blei kutta med 1 million kroner i regjeringa sitt budsjettframlegg. Denne millionen er ikkje komen på plass att.

– Det betyr mindre nynorsk scenekunst på ei av dei viktigaste teaterscenene i Noreg. Det er svært uheldig, seier Peder Lofnes Hauge.