Bystyret snudde nynorskvenleg innstilling
Stavanger bystyre har i dag vedteke å skifte til bokmålsopplæring på Sjernarøy oppvekstsenter i Stavanger. Forslag til vedtak frå kommunedirektøren var å halde fram med nynorsk på Sjernarøy. Forslaget vart nedstemt med 35 mot 32 stemmer.
Kommunedirektøren peika på at Stavanger kommune etter språklova har eit særskilt ansvar for å fremje nynorsk som er det minst brukte skriftspråket og at Stavanger kommune sin Temaplan for språk 2023– 2027 understrekar tydinga av å bevare nynorsk som ein naturleg og synleg del av kommunen sin språkbruk.
Kommunedirektøren peikar også på at i folkeavstemninga var det berre litt over halvparten som stemte. Av dei som stemte var det 81 for bokmål og 67 for nynorsk. Bystyrefleirtalet vel altså å la ein skilnad på 14 stemmer avgjere å fjerne den nynorske skrifttradisjonen som har vore i skulen på Sjernarøy sidan 1903.
For det samla talet nynorskelevar i Noreg har ikkje dei 30 elevane på Sjernarøy oppvekstsentret mykje å seie.
For talet nynorskelevar har det langt meir å seie at det er godt over hundre fleire nynorske fyrsteklassingar i Rogaland dette skuleåret, samanlikna med førre skuleår. Samtidig som det ikkje finst bokmålskommunar att i Rogaland, alle er nynorsk eller nøytrale.
Det er likevel ikkje tvil om at Stavanger bystyre i dag tok vekk endå ein skulestad der elevane har hatt sjansen til å lære nynorsk frå fyrsteklasse, og både lokalt og nasjonalt er det eit tap for nynorsken.