Dag og Tid må få rettferdig mediestøtte
Mediestøtteordningane skal sikre mangfald i media. Dei kan ikkje føre til at den einaste nynorske riksavisa kjem dårlegare ut enn avisene dei konkurrerer med, vedtok landsmøtet i Noregs Mållag.
Dag og Tid er Noregs einaste nynorske riksavis. Avisa har høg eigenproduksjon, ho har ikkje byråstoff, og ho fyller ei viktig rolle i norsk ålmente. Samstundes er ho i vekst, med rekordopplag og eit sterkt abonnementgrunnlag. Pressestøtta skal sikre mediemangfald og sterke uavhengige kvalitetsaviser. Samtidig gir dagens ordning skeive rammevilkår, også mellom aviser som opererer i same segment.
I 2025 fekk Dag og Tid om lag åtte millionar kroner i produksjonsstøtte, medan Morgenbladet fekk 31,5 millionar. Så seint som i 2018 fekk dei to avisene same støtte. Over dei tre siste åra har skilnaden vakse til 59,4 millionar kroner. At skilnaden no er så stor, kjem ikkje av journalistisk kvalitet eller samfunnsverdi, men av eit teknisk teljekriterium om 20 redaksjonelle årsverk utførte av fast tilsette.
Ein uavhengig rapport har peikt på at skiljet mellom Dag og Tid og Morgenbladet skaper ei uheldig konkurransevriding mellom to publikasjonar som konkurrerer direkte, og som er nokså like i frekvens, breidd og ålmenn profil. Då er det openbert at støtteordninga ikkje verkar etter føremålet sitt. Pressestøtta skal byggje mediemangfald, ikkje svekkje det.
For Noregs einaste nynorske riksavis er situasjonen alvorleg fordi ein stor del av støtta er ei særskild nynorskstøtte. Det er svært bra at denne støtteordninga finst. Samtidig er ho ikkje knytt til faste reglar og utrekningar. Det gjer støtta utrygg og vilkårleg.
Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at nynorsk treng sterke institusjonar i den nasjonale offentlegheita. I ei tid der nynorsk taper terreng på digitale flater, og der mediemakta i aukande grad er samla hos dei store mediekonserna, må staten føre ein meir offensiv politikk for å sikre reelt mediemangfald og språkleg jamstilling. Dag og Tid må få rammevilkår som står i forhold til rolla avisa har og den konkurransesituasjonen dei er i.
Landsmøtet i Noregs Mållag meiner
- at mediestøtteordninga må endrast slik at ho ikkje diskriminerer den einaste nynorske riksavisa
- at nynorskstøtta til Dag og Tid må gjerast føreseieleg og knytast til faste reglar
- at regjeringa bør greie ut dei språkpolitiske verknadane av pressestøtta