aktuelt

Dei nynorske lærebøkene må vere klare til skulestart!

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. (Foto: Tuva Maria Åserud)

– Me forventar at nynorskelevane får lærebøkene sine på språket sitt ved skulestart. Det er framleis tid til å ordne nynorskutgåvene til august. Det må forlaga fikse!

Det seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. 

Til hausten vert siste ledd i Kunnskapsløftet 2020 innført. Då er det elevane på vg3 i den vidaregåande skulen som skal ta til med nye læreplanar. Med nye læreplanar kjem også nye lærebøker. Dei to siste åra har dei andre klassestega fått nye læreplanar, men likevel har mange lærebøker på nynorsk ikkje vore klare til skulestart.

– Nynorskelevane fortener betre enn det. At lærebøkene på nynorsk kjem seinare enn bokmålsbøkene, og ofte langt ut i skuleåret, er noko nynorskelevar har måtta ta støyten for i år etter år. Det er for dårleg, slår Peder Lofnes Hauge fast.

Opplæringslova seier at alle elevar har rett til både trykte og digitale læremiddel på eige språk. Det må også gjelde nynorskelevane. Det seier seg sjølv at opplæringa vert av ringare kvalitet når ein ikkje får læremiddel på språket sitt.