aktuelt

Demografiske endringar råkar nynorsken

Nynorskstafetten på Riple skule i Bergen, hausten 2014

Nye tal frå Utdanningsdirektoratet syner at det er om lag 1000 færre nynorskelevar i grunnskulen i skuleåret 2020/21 enn året før. Prosentdelen av nynorskelevar har gått frå 11,8 % til 11,6 %.

Det er mange som konstaterer at det raknar for nynorsken. Dei tar feil.

Det blir for lettvint å sjå på nynorskprosenten, utan å forstå kva som ligg bak. Det er ikkje slik at desse tala syner at 1000 færre elevar har valt nynorsk i staden for bokmål dette skuleåret. Desse tusen elevane forsvinn i hovudsak fordi det samla elevtalet går ned i nesten alle fylke med nynorske skulekrinsar. Det er fleire elevar som får vitnemålet sitt i handa og går ut skuleporten, enn det er seksåringar med ny ransel som har sin første skuledag.

Sjølv om det i gamle Sogn og Fjordane ikkje byrja ein einaste elev i ei ny bokmålsklasse dette skuleåret, går talet på nynorskelevar ned, fordi det er 348 færre elevar i grunnskulen der. I Innlandet går samla elevtalet ned med over 2 000, og av desse er 138 nynorskelevar. Vi ser den same tendensen på Agder, i Vestfold og Telemark, Vestland og i Møre og Romsdal fylke. Men det er ikkje kolsvart.

Rogaland er det einaste fylket med nynorske skulekrinsar der det samla elevtalet går opp, og her er det verd å merke seg at det var fleire nynorske førsteklassingar i år enn i fjor, og færre førsteklassingar med bokmål som opplæringsspråk. I Trøndelag auka talet på nynorskelevar, og i Møre og Romsdal var nedgangen i bokmålselevar større enn nedgangen i nynorskelevar.

Såleis vert òg prosenten nynorskelevar mindre, fordi flyttestraumane går mot bokmålsområda i og rundt dei store byane. Då statsminister Erna Solberg i nyttårstalen sin i 2019 oppmoda folket sitt til å få fleire born, kunne ho med fordel ha lagt til «særleg i dei nynorske kjerneområda». Men det ville nok vore for mykje å vente

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag (Foto: Jannica Luoto)

Eg plar skilje mellom den vesle og den store målpolitikken. Den vesle målpolitikken er lovgjeving og ordningar som skal verne nynorskbrukarar og vege opp for dei nynorske mindretalsulempene, ulemper som mange lèt att auga for. Den store målpolitikken er all annan politikk som har språkpolitiske konsekvensar. I mållaget verken har eller skal vi ha ei meining om alle sider ved den store målpolitikken, men vi må gjere gode analysar av korleis større straumdrag i samfunnet påverkar språket.

Det sit 74.179 sårbare nynorskelevar ved pultane sine dette skuleåret, som held på språket sitt sjølv om rammevilkåra deira både i skulen og elles i samfunnet beint fram motarbeider dei. Mållaget skal jobbe for at alle dei får ei like god lese- og skriveopplæring som bokmålselevane, og også for at det blir fleire av dei.

Peder Lofnes Hauge
leiar i Noregs Mållag