aktuelt

Den store vervedagen

Tradisjonen tru, skipar Mållaget den store vervedagen 1. oktober.

Grunnen er at frå 1. oktober kvart år vert nye medlemer også medlem heile påfølgjande år for dei 200 kronene det kostar å melde seg inn. Tilbodet gjeld for nye medlemer, og gjeld sjølvsagt alle dagane resten av året, og ikkje berre 1. oktober.

Om du som les dette, kjenner nokon som kunne tenkje seg å bli medlem, er tida inne for å bli det no! Fleire medlemer er viktig for lokallaga, og for å få gjennomslag i viktige saker for nynorsken. Hugs at me har husstandsrabatt om det bur fleire medlemer på same adresse.

Korleis blir ein medlem i Noregs Mållag?

  • Send NYNORSK i ei tekstmelding til tlf. 2490 (200 kr blir lagt til mobilrekninga)
  • Gå til nm.no og klikk på “Bli medlem”. Der fyller ein inn info, og kan betale med kort.
  • Vips 200 kr til 90540, og skriv kontaktinfoen som melding.
  • Send e-post til medlem@nm.no

Vil du bli medlem i eit yrkesmållag?
Medlemer vert registrerte i lokallaget som ligg geografisk nærast, men me minner om at det også finst ulike yrkesmållag: Juristmållaget, Mediemållaget, Medisinsk Mållag, Noregs Lærarmållag og Mållaget i LO-administrasjonen. Om du er medlem i eit lokallag, kan du vere sidemedlem i eit slikt yrkesmållag, og berre betale lokallagssatsen. Satsen i dei ulike yrkesmållaga varierer frå 60 til 100 kroner. Ta kontakt på medlem@nm.no, om du ynskjer det!

Greier me 15 000?
Medlemstalet til Noregs Mållag for 2023 har passert 14 130. Den siste månaden har me fått godt over 100 nye medlemer som reaksjon på FpU sin “f**k nynorsk”-plakat. Dei siste to åra har me avslutta med over 15 000 betalande medlemer. Greier me det i år, tru? Hjelp oss gjerne å verve, både andlet til andlet, og i sosiale medium.