aktuelt

Det nynorske forspelet – F**K NYNORSK?

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. Foto: Hege Lothe

På det nynorske forspelet i Fosnavåg onsdag kveld skipa Herøy Mållag ein festkveld for nynorsken. Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, fekk oppdraget med å vere ein «litt småforbanna mållagsleiar».

Dette er det han sa.

Hei, og takk for at eg blei invitert på forspel til festspel. Eg hadde eigentleg veldig lyst å dra i fjor, men eg fekk ikkje høve. Det er krevjande å kome seg ut av huset med tre små ungar heime, som alle er under to og eit halvt og krev sitt. Så det er veldig kjekt å vere her, og eg er glad eg fekk tatt «heile vegen frå Bergen til Herøy» som det så fint stod i pressemeldinga. Der stod det også at eg er ein «litt småforbanna mållagsleiar» som skal snakke under overskrifta «F**K NYNORSK?».

Mållaget blir jo tidt og ofte skulda for å vere ikkje berre småforbanna, men rasande, militante og reaksjonære og det som verre er. Det er jo ikkje sant. Ikkje heilt sant, i alle fall. Av og til, dessverre altfor ofte, er det heilt naudsynt å vere litt forbanna, og vi må seie i frå når nynorskbrukarane opplever urett, når rettane våre blir trampa på eller når vi opplever regelrett språkleg diskriminering. Då skal vi smelle til, meiner eg. Men eg meiner jo, og trur veldig på, at vi har alt å tene på å framstå som ein positiv, moderne og profesjonell organisasjon som smiler og har glimt i auget. Som heiar fram alle dei som skriv nynorsk, også med den nynorsken dei måtte ha, alle forfattarar som gir oss eit stadig større nynorsk litterært univers, alle verksemder som marknadsfører seg på nynorsk og alle elevar og studentar som held på språket sitt ofte mot alle odds.

Eg trur vi lukkast med det. Eg trur vi blir oppfatta som ein moderne og profesjonell organisasjon, og eg trur vi klarer å finne balansen mellom kjeft og skryt. Vi opplever i alle fall ein heilt ellevill medlemsvekst, og vi har sett medlemsrekord etter medlemsrekord dei siste åra. I fjor hadde vi heile 15 431 medlemer, og det er det høgste medlemstalet vi har hatt sidan 1985!

F**K NYNORSK?

Ein ikkje ubetydeleg del av dei nye medlemene i Mållaget melde seg inn på ei lita veke i september i fjor. Som dei fleste er kjende med, dreiv FpU skulevalkamp mot nynorsk med det etterkvart berømte banneret med påskrifta F**K NYNORSK.

Vi la ut bilete i sosiale medium og kalla det for det det var: skamlaus anti-nynorsk populisme. Det skulle vise seg at det var vi og ikkje ungdomane i Framstegspartiet som var på lag med folk flest, for i løpet av to dagar hadde vi fått 864 nye medlemer. FpU hadde til samanlikning 855 medlemer totalt. F**K NYNORSK-stuntet deira var direkte årsak til omlag 1500 nye medlemer.

Heldigvis for oss, hadde eg så nær sagt, har banneret vore framme i media fleire gongar sidan då, og det er ingen grunn for oss til ikkje å mjølke FpU-kyra, om ikkje for billeg bensin og brennevin, så for nye medlemer som ikkje finn seg i den slags.

Det er lett å latterleggjere dei, og det tenkjer eg i og for seg er heilt greitt å gjere, det må dei tole, men det ligg eit djupt alvor bak. NMU-leiar Frida Pernille Mikkelsen sa det fint: Dei legitimerer eit nynorskhat som finst der ute og presenterer denne kampanjen for tusenvis av ungdomar i løpet av ei lita skulevalsveke. Ungdomspolitikarar får stadig meir hets og ufine kommentarar og plakaten bidreg til at fleire tenkjer at det er greitt å vere ufine mot nynorskbrukarar. Målungdomen får direkte sjikanerande meldingar når dei er ute i media. «Nynorskbrukarar må døy», skriv folk. Ho peikar på at mange unge målfolk kjenner på at det er vanskeleg å møte hatet. Det er liksom greitt å hate nynorsk, for det er jo berre ei meining om eit språk, men så enkelt er det ikkje. Når ein snakkar ned eit språk, snakkar ein ned brukarane av språket også. Det kjenner brukarane av eit mindretalsspråk ekstra mykje på. Eg trur enno fleire hadde reagert om det stod «F**K SAMISK» på plakaten. Terskelen for å bli aktiv i målrørsla blir høgre, terskelen for å byte hovudmål til bokmål blir lågare og følgjene for nynorsken kan bli alvorlege.

Reine ord for pengane.

Men eg har stilt meg sjølv spørsmålet:

Er ikkje denne umodne krigen FpU fører mot språket vårt eigentleg berre eit ufiltrert og prepubertalt uttrykk for ei haldning som mange, sjølv det offentlege Noreg, viser oss kvar einaste dag?

Nynorsk og bokmål er likestilte språk, men likestillinga er berre formell, ikkje reell. Styresmaktene er klare over det, men gjer alt for lite for å bøte på situasjonen, styrkje nynorsken, gjere det enklare å vere nynorskbrukar og jamne ut alle dei mindretalsulempene vi møter i kvardagen.

Når politiet i Møre og Romsdal skriv til publikum, også på Facebook og Twitter, er dei underlagt språklova som alle andre statsorgan. Likevel skriv dei på Twitter at det den 11. mai blei skrive ut «fem forenklede forelegg for bruk av mobiltelefon under kjøring» i Fosnavåg. «En fikk gebyr for overlast på moped, ett gebyr for ikke å ha brukt hjelm». Dei som verkeleg skulle hatt gebyr, var politiet sjølv, men språklova har diverre ingen sanksjonar, og det er fritt fram for kjeltringane i politiet å bryte lova. Den 13. mai kunne dei fortelje at dei hadde skrive ut «20 forenklede forelegg etter lasekontroll i 50-sone i Tjørvågvegen». Lista over døme er diverre lang.

Det høyrest kanskje smått ut, men summen av alle slike lovbrot frå det offentlege gjer at vi møter for lite nynorsk rundt oss.

Det har kome og gått kunnskapsministrar ut av departementet sidan 70-talet, men ingen av dei har verkeleg tatt tak i at sjølv om retten er lovfesta, så sit det elevar i nynorske klasserom med lærebøker på bokmål. Er ikkje det eit slags fuck you til nynorsken og nynorskelevane?

At innbyggjarane her i Herøy – og alle andre stader – stort sett møter bokmål på offentlege etatar sine nettsider, anten dei no skal hente koronapass på Helsenorge eller levere ein søknad på nav.no – er ikkje det eit slags fuck you frå det offentlege Noreg?

At NRK berre to gonger på femti år, og berre så vidt, har klart målet om 25 prosent nynorsk, er ikkje det eit slags fuck you til nynorsken og sjåarane frå Marienlyst?

At kongehuset ikkje er underlagt språklova, at ho som ein dag blir dronning for heile Noreg ikkje får opplæring i heile det norske språket, eller at vårt forslag om at kanskje også Slottet har eit ansvar for nynorsken blir møtt med motstand og kjeft, er ikkje det eit slags fuck you frå det som liksom skal vere eit samlande symbol for heile nasjonen?

Kong Haakon var også kommunistane sin konge, men Ingrid Alexandra legg seg ikkje akkurat i selen for å vere nynorskbrukarane si dronning.

Til og med i 2022 badar nynorskelevar i digitale læremiddel, skriveprogram appar og datamaskiner som berre er på bokmål. Er ikkje det eit slags fuck you frå læremiddelprodusentar, skuleeigarar, teknologigantar, direktorat og departement?

Kvar dag møter vi ei lang rekkje av F**K NYNORSK-kampanjar, berre langt meir subtilt, indirekte. Ofte som eit resultat av manglande vilje og manglande evne, tidvis kanskje berre eit resultat av manglande medvit. Dei er kanskje ikkje måla med store bokstavar på ein to meter høg plakat, men dei er likefullt skadelege for nynorsken.

Møre og Romsdal

Medlemsveksten i Mållaget dei siste åra har kome i heile landet, men flest medlemer har kome til i og rundt dei store bokmålsbyane. Det er jo sjølvsagt eit resultat av at det er der flest menneske bur, men det er også i urbane strøk og i randsonene der bokmålet møter nynorsken at presset mot nynorsken er størst.

Sjølv hadde eg ein rimeleg trygg nynorsk oppvekst i Gloppen, og det var først då eg flytta til Bergen eg verkeleg kjende på kroppen at språket mitt var under press. Slik er det kanskje for mange som bur i dei nynorske kjerneområda, at sjølv om ein er trygge nynorskbrukarar og står opp for saka, kjennest det ikkje avgjerande viktig å melde seg inn og vere aktiv i Mållaget. Det synest eg er synd. For det er ikkje slik at ein nynorskkommune er ein trygg nynorsk oase i bokmålsland. Vi les ikkje berre lokalavisa, men riksavisene med alt sitt bokmål. TV, radio, strøymetenester er det same i Herøy som på Bygdøy. Store verksemder fyller postkassene våre med reklame på bokmål.

Dei politiske sakene av nasjonal karakter vi i Mållaget arbeider mest med er viktige for alle, uavhengig av kvar ein bur. Når vi jobbar for meir nynorsk i det offentlege, er det særleg viktig for nynorskbrukarane som allereie møter for mykje bokmål. Når vi arbeider for ei best mogleg opplæringslov, vil det først og fremst vere viktig for nynorskelevane i Herøy og Gloppen som har ein bokmålsdominert skulekvardag og får ei dårlegare lese- og skriveopplæring enn bokmålselevane. At nynorsken ikkje blir prioritert i utvikling av språkteknologi som i større og større grad pregar livet vårt, er det vi som må svi for.

Nynorsken er under press også i nynorskkommunane. Ein får kanskje bruke språket sitt på arbeid og lese det i lokalavisa, men ungane får ikkje læremiddel på nynorsk, koronainformasjon frå styresmaktene kjem på bokmål, og når ein snart kan styre alt frå lys og varme i huset til bilen sin på mobiltelefonen, kan ein banne på at ein må gjere det på bokmål.

Eg har alltid tenkt at mållaga i kjerneområda har eit stort uforløyst potensiale. Dei som bur her er jo som hovudregel trygge nynorskbrukarar som står opp for saka – når det krevst.

Eg håpar til dømes at endå fleire vil bli medlem i Herøy Mållag. No er det no rett nok slik at Herøy Mållag (nesten) har dobla medlemstalet dei siste 10–11 åra. I 2010 var det 44 medlemer i laget, og i 2021 var det 83. Akkurat i dag er det 77 betalande medlemer, så Herøy ligg godt an for medlemsvekst også i år. I løpet av dei siste eitt og eit halvt åra har det kome til 14 heilt nye medlemer.

Sunnmøre Mållag har også nesten dobla medlemstalet dei siste ti åra. Det er vekst i alle dei tre fylkesmållaga i Møre og Romsdal, og hadde Møre og Romsdal vore eitt fylkeslag, ville det vore det tredje største fylkesmållaget i Noregs Mållag etter Hordaland og Vikværingen.

Noregs Mållag har opplevd ein eksplosiv medlemsvekst dei siste åra, men vi har jo ikkje dobla oss, så Herøy og andre lag her oppe har i aller høgste grad tatt sin del av ansvaret for medlemsauken, sjølv om det i reine tal sjølvsagt har kome til flest nye medlemer i byane.

Og dess større Herøy Mållag er, dess større plass får de i Mållaget. Det gir også makt og innverknad til å påverke Mållaget sin politikk og prioriteringar i tida som kjem. Det er mange konkrete seansar frå dette fylket som fortener stor merksemd. Det mest opplagte er hovudmålsopplæringa for nynorskelevar. Elevane i Herøy er ikkje andrerangs elevar, men blir handsama som det. Rett opp i høgget her har vi, enn så lenge får vi kanskje seie, verdas største nynorskkommune. Krefter i Møre og Romsdal fylkeskommune foreslår kvar periode at fylket ikkje lenger skal vere landets nest største nynorskfylke, men språkleg nøytralt som det heiter. Det er jaggu friskt på Ivar Aasen sine heimlege strender. Møre og Romsdal skal no altså halde fram med å vere landets nest største nynorskfylke og framleis bidra til å halde oppe det nynorske skriftspråket i Ivar Aasen sitt eige heimfylke.

Eg skal runde av med å ynskje dykk ein framleis fin kveld vidare, og eg skal gjere det med ein ny anekdote – ein av mine absolutte favorittanekdotar – og ei lita overrasking.

Nyheitsanker på TV2, Nils Gunnar Lie, fekk på eit tidspunkt sinte og lite islamvenlege e-postar frå sjåarar som lurte på kvifor i alle dagar han avslutta nyheitssendingane på TV2 med «Inshallah, god kveld», og han måtte svare at han berre ville ynskje alle god kveld.

Det vil eg og! Takk for at eg fekk kome, og takk for merksemda.

Då er det klart for overraskinga. Eg skal nemleg dele ut eit stipend på 50 tusen kroner frå styret i Noregs Mållag.

Prispengane skal gå til eit arbeidsfelt der det er for lite nynorsk i dag. Det er Kulturdepartementet som løyver pengane, og det er vel best slik, at dei løyver pengane, og vi avgjer kven som skal få dei.

Så: Monika Haanes Waagan har fått tildelt nynorskstipend frå Noregs Mållag for å lage ein nettsidemal og eit tilhøyrande minikurs for bedrifter som vil bygge nettsida si sjølve.

Noregs Mållag ynskjer oss meir nynorsk i det private næringslivet, og at det skal vere lettare å velje nynorsk. Vi har tru på at nettside-pakkeløysinga til Monika Haanes Waagan kan gje oss fleire nynorske bedrifter på internett.

Denne nettside- og kursløysinga vil gje små verksemder ei rimelegare pakkeløysing. Kurset er på nynorsk og er klart til påmelding til hausten.

Vi har tru på dette prosjektet, og vi trur at Monika har dei løysingane som skal til når du er heilt ny næringsdrivande og startar opp di eiga verksemd.

Du får ein blome i handa og pengane er allereie på konto. Vi har trass alt med ein sunnmøring å gjere!

Vi gler oss til å følgje med vidare, Monika!

Ver så god, og takk for at eg fekk vere med på det nynorske forspelet!