aktuelt

Dette er ei nynorskvenleg regjering

– Hurdalsplattforma syner at Jonas Gahr Støre tek med seg ei nynorskvenleg regjering ut på Slottsplassen torsdag, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Den nye regjeringa vil fremje og sikre gode vilkår for nynorsk, og slik jamne ut det skeive tilhøvet mellom dei offisielle skriftspråka. I plattforma er det spesielt to gode lovnadar for å sikre nynorsken i skulen.

Dei vil:
• lovfeste at nynorskelevar i språkdelte område har rett til å halde fram i eigne nynorskklasser på ungdomstrinnet
• sikre at alle elevar får læremiddel på eiga målform.

– I den digitale skulekvardagen badar nynorskelevane i læremiddel på bokmål. Difor er dette eit viktig frampeik om at regjeringa i den nye opplæringslova vil gjere det som skal til for å sikre nynorsken i den digitale lese- og skriveopplæringa, seier Peder Lofnes Hauge.

For satsinga på norsk språk er det viktig å merke seg at den nye regjeringa vil sørgje for at arbeidsinnvandrarar får betre opplæring i språk.

– Dette er viktig både for arbeidslivet og lokalsamfunn i heile Noreg. Dei som kjem til Noreg for å arbeide må få lære seg norsk, og nynorsk i nynorskområde, seier Peder Lofnes Hauge.

For norsk språk i akademia er det også viktig at regjeringa vil sørgje for at norsk språk blir løfta fram i høgare utdanning og forsking. 

Det er også gledeleg at regjeringa varslar ei reell satsing på samisk språk. 

I tillegg merkar vi oss at regjeringa har skrive 25 prosent av plattforma på nynorsk.
– Det er bra at den nye regjeringa allereie i plattforma tek i bruk prinsippa i den nye Språklova. Nynorsken må bli meir synleg – også i viktige dokument og lovtekstar frå styresmaktene, seier Peder Lofnes Hauge.

For meir informasjon: Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, 951 22 689 / e-post: peder.hauge@nm.no
Bilete: https://www.nm.no/om/kontakt-oss/pressekontaktar/