aktuelt

Dette skal bli nynorsken si regjering

Om Støre si draumeregjering leverer nynorskpolitikken dei har lova i dei tre programma sine, vil dette kunne bli ei historisk regjering for nynorsken, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Tidlegare i år vedtok Stortinget ei ny språklov som slår fast at det offentlege aktivt skal styrkje nynorsk. No blir det ei raudgrøn regjering som skal skrive det neste kapittelet i norsk språkpolitisk historie.

– Eg har enorme forventingar til Jonas Gahr Støre og dei han får med seg. Alle dei raudgrøne partia har gått til val på ein offensiv nynorskpolitikk, og det er umogleg å sjå for seg at ei ny regjering ikkje skal føre ein betre politikk for nynorsken enn Solberg-regjeringa, seier Lofnes Hauge.

Han er tydeleg på at det no må kome eit taktskifte på veg mot reell likestilling av nynorsk og bokmål.

– Den nye regjeringa bør ha som overordna språkpolitisk mål at det skal vere like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar i Noreg. Dette må følgjast opp med aktive tiltak for å styrkje nynorsken på alle samfunnsområde – og særleg i skulen.

Han ventar at ei ny regjering slår ring om og styrkjer den obligatoriske sidemålsopplæringa, innfører språkdelte ungdomsskular og sikrar at nynorskelevane får den same retten til og tilgangen på digitale læremiddel og læringsverktøy som bokmålselevane.

Etter åtte år med borgarleg fleirtal er det no eit meir nynorskvenleg raudgrønt fleirtal sin tur til å vise at dei meiner alvor på vegner av nynorsken. Det siste Solberg-regjeringa gjorde, var å føreslå språkdelte ungdomsskular. Det er ei lissepasning til Støre som vonleg skal leie tidenes nynorskvenlege regjering.

– Samla sett har Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet gått til val på alle hovudkrava til Noregs Mållag. Arbeidarpartiet har aldri gått til val på betre nynorskpolitikk enn i år, og har kjempa for nynorsken på Stortinget denne perioden. Senterpartiet har ein solid nynorskpolitikk og SV sin nynorskpolitikk kunne vore henta rett ut av arbeidsprogrammet til Noregs Mållag.