Dialekt er Konge!
– Dialektane er ein stor rikdom for landet vårt og eit særmerke vi bør halde i hevd, sa Kong Harald i eit intervju med Norsk Tidend i 1999. Det er like aktuelt i dag, meiner Mållaget.
Me ser framleis at det ofte er lett å slenge ut negative kommentarar om dialektar. Både under og etter debatten om skulenedleggingar i Innlandet på NRK, fekk dialektane til Matoma og Arne Brimi mykje merksemd. Nytt på nytt, P3 og fleire andre kringkasta negative kommentarar. Dette viser at me framleis har ein jobb å gjere for å verne om det norske dialektmangfaldet.
– Når slike negative haldningar til dialekt vert synlege, er det viktig for Mållaget å støtte dei som held på dialekten sin. Me har alle ein dialekt, og alle dialektar er like mykje verde, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.
– Me bør kunne respektere og gle oss over den store kulturelle verdien dialektmangfaldet har for Noreg.
Noregs Mållag har i 118 år arbeidd for å ta vare på dialektane våre.
I prinsipprogrammet til Noregs Mållag frå 2022 vert det slått fast i føremålet at: «Noregs Mållag arbeider for at alle fritt skal kunna tala dialekten sin». Vidare står det at «[d]et er ein demokratisk rett å kunna bruka sitt eige talemål. Dei norske dialektane er det historiske grunnlaget for nynorsken. Dialektbruk er akseptert og normalt i dei fleste samanhengar, men dialektmangfaldet er like fullt under press. Noregs Mållag forsvarar dialektar og dialektbruk.»
Klikk her for å lese heileprinsipprogrammet
Matoma og dialekt
Dialekten til Matoma, som me fekk høyre på Debatten, heiter solung. Denne høyrer heime i området sør for Elverum, rundt Solør. Noregs Mållag fekk over 1000 likarklikk på eit facebookinnlegg som løfta han fram som eit fantastisk dialektførebilete. På haustseminaret i Elverum for nokre veker sidan spurde me stortingsrepresentant for Sp, Margrethe Haarr, kva Stortinget kan gjere for dialektane. Ho peika på at det viktigaste verktøyet dei har, er å løyve pengar og vedta lover.
– God distriktspolitikk er viktig for å ta vare på dialektane, og me må prioritere kulturpolitikk som kan vere med på å løfte dei, sa ho.
Vil du lese meir? Les om Finn Erik Vinje sitt negative utspel om dialektar i 2020: www.nm.no/ville-du-sagt-dette-til-alf-proysen-finn-erik-vinje