aktuelt

Dialekt og normert nynorsk talemål– ja takk begge delar!

Det normerte nynorske talemålet gjer nynorsk meir tilgjengeleg for alle som bur i Noreg. Difor bør vi ta vare på dei få arenaene der det blir brukt.

Innlegg frå leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge i Dag og Tid 14. mai 2021.

Dialektdebatten har rasa i nokre veker no, etter at NRK opna for meir dialektbruk i nyhendesendingane. I denne saka må ein ha to tankar i hovudet samstundes. Noregs Mållag heiar på dei norske dialektane, og det å kunne snakke dialekten sin fritt er, og har vore, ein viktig del av arbeidet til Noregs Mållag. Det er heller ikkje tvil om at NRK har vore særs viktig for å gje dialektane den statusen dei har i dag og for at vi alle skal kunne snakke dialekten vår heilt fritt. 

Alt dette skal NRK halde fram med. Og Noregs Mållag skal halde fram med å heie på NRK for dette. 

Men nynorsken treng òg eit standardisert talemål, slik bokmålet har det. Då treng vi å ha den tanken i hovudet samstundes som vi heiar på dialektane. Difor meiner vi at programleiarar i riksdekkjande nyhendesendingar på NRK bør bruke normert nynorsk eller bokmål. Innbyggjarane får både sjå og høyre alt for lite nynorsk, og NRK har eit særleg språkpolitisk ansvar for nynorsk skrift – og tale.

Dersom ein ser og høyrer nynorsk, er det enklare både å lære og å halde på språket sitt. Det normerte språket har den fordelen at det har reglar for kva som er riktig og gale; reglar som er felles for heile landet. 

NRK er i dag den viktigaste leverandøren av normert nynorsk talemål, ved sida av TV2 som også har nyhendeopplesarar som normerer mot nynorsk tale. Dei språkpolitiske og pedagogiske omsyna for heile samfunnet må vege tyngre enn omsynet til dei tilsette. Ein journalist framfor mikrofonen i nyhendestudio i radio og TV har ei offentleg rolle som formidlar til folk i heile landet. Dette gjeld i særstilling NRK Dagsrevyen som bør vere ein stad for korrekt nynorsk.

Du er ikkje der som privatperson, noko som også må speglast i språket.

Dei norske dialektane har ein eigenverdi og er uløyseleg knytte til nynorsken som den skriftlege samnemnaren for dei norske talemåla. Det er veldig positivt at det har vorte større aksept for ulike dialektar i ulike samanhengar dei siste åra, også i film og fjernsyn. Her har NRK spelt ei viktig rolle i å løfte fram dialektane.

Dette er nok først og fremst ein siger for det norske dialektmangfaldet, ikkje nødvendigvis for nynorsken. Det er stor takhøgd for dialektbruk i offentlege rom, heldigvis. Det er ikkje slik at dialektane er lite å høyre i etermedia i dag, men vi får høyre alt for lite korrekt normert nynorsk. Det er eit ansvar som kviler på NRK.