aktuelt

Dialekttapet i Noreg

Erlind Søyland spelte for landsmøtet i Noregs Mållag.

Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at dialektskifte og dialektendringar må løftast i det offentlege ordskiftet.

Dei norske dialektane er ein viktig del av den immaterielle norske kulturarven. Dei var òg grunnlaget for gjenreisinga av norsk som skriftspråk, og nynorsk er uløyseleg knytt til det norske dialektmangfaldet. Dette mangfaldet er under sterkt press. I dalane på Austlandet føregår det eit regelrett dialektbyte mange stader. Andre stader – på Vestlandet, i Trøndelag og Nord-Noreg – endrar talemåla seg meir gradvis, men ofte slik at sentralaustnorske og bokmålsnære trekk erstattar tradisjonelle og ofte nynorsknære trekk.

Landsmøtet i Noregs mållag meiner at dialektskifte og dialektendringar må løftast i det offentlege ordskiftet. Større merksemd og medvit rundt dette emnet kan bidra til at prosessane kan ta ei anna retning enn dei har no. Det vil òg gagna det nynorske skriftspråket.