aktuelt

Ope seminar om arbeidsprogrammet

Digitalt seminar om opplæringsfeltet ope for alle medlemane.

Arbeidsprogramnemnda til Noregs Mållag vil i april ha to digitale seminar om sentrale felt det er viktig å tenkje høgt kring for nemnda og medlemmene i Noregs Mållag. Fyrste seminar er onsdag 21. april klokka 19, om opplæringsfeltet. Seminaret er ope for alle medlemar og det er høve til å stille spørsmål til innleiarane.

Etter innleiingane er det sett av tid til ein fellesdiskusjon for tilhøyrarane og nemnda om innspel eller tankar kring opplæringsfeltet som det er viktig at vert med i det vidare arbeidet med arbeidsprogrammet.

Onsdag 21. april klokka 19: Opplæringsfeltet
Påmelding:
 Det er ikkje påmelding. Det er gratis.

Stad: Vi møtest på Zoom. Send e-post til Marit Aakre Tennø om du ynskjer få tilsendt lenkja.

19.00: Velkomen til seminar
Synnøve Marie Sætre, nestleiar i Noregs Mållag og leiar for arbeidsprogramnemnda

19.10 Er den digitale skulen eit trugsmål mot nynorsken? 
Arild Torvund Olsen, høgskulelektor ved Nynorsksenteret

19.40 Utdannar lærarutdanningane nynorsklærarar? 
Eli Anne Eiesland, fyrsteamanuensis ved Universitetet i Søraust-Noreg

20.10 Lokale folkerøystingar: for eller mot nynorsk
Morten Søberg, direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 Gruppen

20.40 Stemmer kartet med terrenget? Stikkprøver i NyNoreg
Astrid Marie Grov, redaktør i Norsk Tidend

21.10 Fem minutt pause før fellesdiskusjon om opplæringsfeltet

Synnøve Marie Sætre er leiar for arbeidsprogramnemnda, e-post: synnove.setre@nm.no 

Marit Aakre Tennø, politisk rådgjevar, er skrivar for nemnda, e-post:  marit.tenno@nm.no