Digitalt formøte om landsmøtet
Vi inviterer alle skal på landsmøtet i Noregs Mållag til eit digitalt formøte!
Du får ei kjapp og nyttig innføring i kva du kan forvente deg av ei landsmøtehelg i Trondheim. Både heilt nye og røynde landsmøteutsendingar vil ha glede av digitalt formøte.
Dato og tid: Torsdag 4. april klokka 13 og klokka 19.30
Stad: Vi møtest på Zoom
https://zoom.us/j/4723002930?pwd=UEpTdlg2VXp1dkx1RjJjR0tLWmVLQT09
Du treng ikkje passord. Det er ikkje påmelding.
Opplegget for møta er like. Fyrst vert det nokre korte innleiingar om praktisk opplegg i framkant og på landsmøtet, og deretter innleiing om programmet, sakene og politikken på landsmøtet. Det vert også ope for å stille alle moglege spørsmål.
Gro Morken Endresen, dagleg leiar og Erik Grov, organisasjonsrådgjevar, vil svare på alle praktiske spørsmål.
Klokka 13 vert Peder Lofnes Hauge, leiar i Norges Mållag, med på praten. Medan nestleiar Synnøve Marie Sætre tek kveldsskiftet klokka 19.30.
Hege Lothe, informasjons- og organisasjonsrådgjevar, leier ordet og passar på at det ikkje varer meir enn ein time.