Digitalt landsmøte

Landsmøtet i Noregs Mållag i oktober blir digitalt.
Styret vedtok 30. august å leggja bort planane om eit fysisk landsmøte på Sola helga 16.–18. oktober, og heller gjennomføra eit digitalt landsmøte over to dagar same helga. Det vil seia at det blir digitalt landsmøte laurdag 17. og sundag 18. oktober.
Styret vedtok dette både fordi situasjonen framleis er usikker og det kan dukka opp vanskar eller smitteutbrot i oktober som ville ført til avlysing uansett og fordi spørsmålet til utsendingane synte oss at ein heil del ikkje ynskte å reisa til Sola på eit stort møte denne hausten.
Program
Landsmøtet vil naturleg nok bli korta noko ned. Den aller viktigaste endringa er at styret utset prinsipprogrammet til landsmøtet i 2022. Det er ei sak der det var lagt opp til mykje ordskifte, og ei slik sak bør handsamast på eit møte der me er samla og det er rom for å snakka mykje saman også utanfor møtetida. Meir informasjon om detaljane i gjennomføringa kjem i neste veke.
Praktisk
Styret vil avgjera kva løysing vi vel for gjennomføring måndag 7. september, og vi sender ut meir informasjon etter det. Vi vil tilby rettleiing og prøveinnlogging for alle deltakarar i god tid før landsmøtehelga, slik at alle skal få høve til å testa at ordninga fungerer greitt for seg sjølv.