– Ein siger for nynorskelevane
– Guri Melby (V) styrkjer kåra for nynorskelevane, men regjeringa undervurderer bokmålskrafta i den digitale skulekvardagen, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.
I dag kom regjeringa med framlegg til ny opplæringslov. Noregs Mållag har hatt store forventingar til lova, og er veldig glade for resultatet. Regjeringa kjem med den største sigeren for nynorskelevane på nesten femti år ved å gje elevane rett til opplæring på eige språk ut heile grunnskulen.
Dei siste åra har nynorskforeldre uroa seg over mangelen på digitale læremiddel og verkty på nynorsk.
– Her syner regjeringa vilje og anerkjenner problema, men dei går ikkje heile vegen for at det skal vere like lett å vere nynorskelev som bokmålselev i skulen, seier Peder Lofnes Hauge.
Når regjeringa held på dagens formulering om digitale læremiddel, kjem mange av problema til å vere dei same. Nynorskelevane må få fleire læremiddel og læringsverktøy å velje mellom.
– Det er ein skandale at nynorskelevar i dag må lære seg å skrive i program som gjev dei raude strekar under ord dei skriv rett, seier Peder Lofnes Hauge.
– Det er derfor svært gledeleg at regjeringa vil gjere noko med mangelen på skriveprogram som støttar nynorsk. Når regjeringa likevel legg inn eit atterhald om at dette berre skal gjelde “så langt som råd”, er det ikkje godt nok. Vi må våge å stille dei krava som trengst for at dei store multinasjonale selskapa skal levere eit produkt på nynorsk, seier Peder Lofnes Hauge.
Dei siste dagane har Noregs Mållag fått nesten 1000 nye medlemmer og har no det høgste medlemstalet sidan 1987. Det vitnar om at nynorsksaka er viktig for folk.
– Utvalet som føreslo ny opplæringslov, hadde fjerna retten til folkerøysting om opplæringsspråk. Når regjeringa no held på slike rådgjevande røystingar, er det svært gledeleg, og Noregs Mållag er heilt samd med regjeringa i at dette vil kunne bidra til eit forsterka medvit og ein viktig språkdebatt lokalt, seier Peder Lofnes Hauge.