aktuelt

Eit fleirspråkleg land treng fleirspråklege løysingar

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

– Noreg er eit land med fleire språk, og då må også Brønnøysundregistera tilby fleirspråklege løysingar for alle lag, organisasjonar og verksemder i Noreg, skriv Peder Lofnes Hauge i dette debattinnlegget.

Alle organisasjonar og lokallag i organisasjonar må registrere seg i Brønnøysundregistera. Dersom laget til dømes må ha ein bankkonto eller ynskjer momsfritak, må laget registrerast. Problemet er at dei berre kan registrere seg med eitt namn. 

Det er mange organisasjonar som har namnet sitt på fleire språk. Elektronisk Forpost Noreg er eit slikt døme. Dei har namn på både nynorsk, bokmål og nord-samisk, altså heiter dei også Elektronisk Forpost Norge og Elektovnnaláš Ovdasjuovku Norgga. Det gjeld også for fleire statlege og offentlege verksemder.

Problemet er at Brønnøysundregisteret berre godtek eitt namn. Dermed får ikkje organisasjonen synt fram at dei ynskjer å jamstille dei tre namna. Då er det, som det ofte er, bokmålsvarianten som vert vald, sidan det trass alt er det største språket. Same problemstillinga gjeld også Einingsregisteret der statlege organ heller ikkje får registrere seg med fleire namn.

Noregs Mållag forventar at Brønnøysundregistera, og Nærings- og fiskeridepartementet som oppdragsgjevar, snarast finn ei løysing på dette problemet. Dei bør rulle ut den digitale raude løparen for alle lag og organisasjonar som ynskjer å synleggjere likestillinga mellom språka i organisasjonen sin.

Føremålet med den nye språklova er nettopp å styrkje norsk språk, slik at det blir sikra som eit samfunnsberande språk som skal kunne nyttast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet i Noreg. Lova skal fremje likestilling mellom bokmål og nynorsk og sikre vern og status for dei språka som staten har ansvar for.

Til og med Brønnøysundregistera sjølve har to ulike namnevariantar! Noreg er eit land med fleire språk, og då må også Brønnøysundregistera tilby fleirspråklege løysingar for alle lag, organisasjonar og verksemder i Noreg. 

Peder Lofnes Hauge
Leiar i Noregs Mållag