aktuelt

Eit moderne teaterslag

Landets nye kulturminister Lubna Jaffery (Ap) må tette gapet i løvyingar mellom dei no nasjonale hovudstadsteatera våre.

Tekst: Peder Lofnes Hauge

I oktober 1913 stod teaterslaget på Det Norske Teatret i Oslo. Jeppe på Berget på landsmål blei for mykje for riksmålsstudentane i hovudstaden. Pipekonsert blei til nevekamp, tusenvis slåst i gatene. Nynorskteater har alltid hatt politisk sprengkraft.

Det Norske Teatret kjempar no eit moderne teaterslag for økonomisk jamstilling med Nationaltheatret. Det er eit slag teatret må vinne om ikkje den nynorske scenekunsten skal tape terreng.
I 1991 tok staten over ansvaret for løyvingane til Nationaltheatret og Det Norske Teatret og begge teatera var økonomisk likestilte. Sidan har har gapet mellom dei to auka med omlag ein million i året. I reine kroner har støtta auka, men det er meir enn ete opp av løns- og prisveksten. I 2023-kroner får teateret 27 millionar kroner mindre enn dei fekk i 1991. Det er dramatisk.

Når teatersjef Erik Ulfsby no ropar varsko bør dei lytte i Kulturdepartementet. Han åtvarar om færre store satsingar, mindre omfang og breidde på scena. Det vil vere eit stort tap for nynorsken.

Det er vanskeleg å underkommunisere kor viktig Det Norske Teatret er for nynorsken. Det breier seg ut og tar plass på gateplan, midt i Oslo sentrum. Dei speler teater på nynorsk og norske dialekter og skapar teatermagi for folk i bygd og by. Dei tar språk oppdraget sitt på alvor, og viser for heile verda at nynorsk er det vesle språket for den store scenekunsten.

Teatret kan ikkje misse den krafta og styrken det har i dag. Difor må løyvingane tilbake på nivået det var tidlegare. Regjeringa er godt kjend med utfordringa, og det er vanskeleg å sjå for seg at dei med opne auge vil la gapet auke ytterlegare. Når denne leiarteigen blir skrive sit regjeringa i budsjettkonferansen som i praksis låser inn 2024-budsjettet. Ei samla målrørsle forventar at Lubna Jaffery slåst for teateret. Denne regjeringa må snart levere til nynorsken, og dette vil vere ei god sak å gjere det på.

Om ho lukkast får vi svaret på når finansminister Trygve Slagsvold Vedum går frå Finansdepartementet til Stortinget om morgonen den 6. oktober. I kofferten bør han ha nynorskmillionar.