aktuelt

Eit samfunn av dei lovlause

Språkbruk i offentleg forvaltning er eit leiaransvar. Diverre er det offentlege Noreg fullt
av leiarar som manglar både evne og vilje til å følgje norsk lov. Lovbrytarane i staten er uskikka til jobbane sine.

DET ER STERKE ord, men dei er sanne. I november kom Språkrådet sin nyaste rapport om bruk av bokmål og nynorsk i staten. Rapporten gjeld for 2021, og resultata er nedslåande, også denne gongen. Av 177 statsorgan er det berre Medietilsynet som oppfyller alle lovkrava. To departement og heile 33 underliggjande statsorgan har ikkje eingong gidda å rapportere til Språkrådet på eigen praksis, slik dei skal.

KVEN I ALLE dagar er det utanriksråd i Utanriksdepartementet, Tore Hattrem, trur han er? Kven er han til å velje og vrake i kva lover han følgjer? Kva er det finansråd Hans Henrik Scheel i Finansdepartementet eigentleg driv med på jobb? Han bryr seg i alle fall ikkje om språklova. Begge ofrar nynorsken i offentleg forvaltning og gjer seg til kjeltringar i same vending.

THERE IS SOMETHING rotten in the state of Denmark, skreiv William Shakespeare i tragedien Hamlet. Det står ikkje så bra til i den norske staten heller. Hamlet-sitatet har blitt eit fast og fiksert uttrykk. Somme brukar det som korrpusjonsskulding, andre, som meg sjølv, meir som eit generelt uttrykk for ein ukultur, noko øydelagt. Styresmaktene kjenner lova, dei kjenner godt til utfordringane for nynorsken, men dei gjer ikkje noko eller nok for å rette opp i det. Dét er ein tragedie, det. Slik kan vi ikkje ha det lenger. Til sjuande og sist er dette eit politisk ansvar som kviler på regjeringa. Statsrådane må kvar og ein stramme seg opp og stramme opp sitt eige embetsverk.

Å løfte fram god praksis er avgjerande for endring, og i Språkrådet står det ein armé klar til å støtte og hjelpe statsforvaltninga til å bli betre i nynorsk.

Peder Lofnes Hauge

SPRÅKRÅDET SKIPA 8. november til Språkdagen 2022. Der deltok mellom anna Sp-statsråd Kjersti Toppe og tidlegare Venstre-statsråd Sveinung Rotevatn. Begge med eit stort engasjement for nynorsk og vilje til å ta sitt politiske ansvar. Av konkrete tiltak som kunne betre situasjonen, var dei mellom anna inne på at statsrådane minst éin gong i året bør orientere regjeringskollegiet sitt om korleis dei ligg an og kva dei vil gjere for å nå lovkrava. Det trur eg vil vere disiplinerande, og for mange heilt avgjerande i ein travel arbeidskvardag der fokuset stort sett er på eige fagområde.

BÅDE TOPPE OG Rotevatn gav departementa sine klar beskjed på første dag om at alt tekst i deira namn skal vere på nynorsk. Rotevatn fortalde om korleis han forankra nynorskarbeidet i den administrative leiinga, sende tilsette på kurs og følgde opp dei som streva med nynorsken. Det er ikkje slik at dei tilsette i departementa er Guds gåve til fagområdet sitt, men utan evne til å lære seg nynorsk, sa han.

ROTEVATN BRAUT FOR så vidt lova sjølv i si tid som klima- og miljøminister. Departementet brukte for lite bokmål. Men i lys av intensjonen i og føremålet med den nye språklova, burde det ikkje vore krav om 25 prosent av begge skriftspråk, men berre eit krav om nynorskbruk. Det er nok bokmål til alle.

Å LØFTE FRAM god praksis er avgjerande for endring, og i Språkrådet står det ein armé klar til å støtte og hjelpe statsforvaltninga til å bli betre i nynorsk. Det er heilt naudsynt, for framtida til nynorsken kan ikkje kvile på at Sveinung Rotevatn frå Venstre sit rundt Kongens bord.

DET NATURLEGE SPØRSMÅLET til den apostolisk inspirerte overskrifta i denne teksten er sjølvsagt: bør dei lovlause få forlating for syndene?

Nei. Det har dei fått lenge nok. Språklova skulle hatt sanksjonar, og statsorgan som ikkje evnar eller maktar å oppfylle språklova, bør få reduserte løyvingar. Dei kan kanskje ikkje nynorsk, men pengar er eit språk dei forstår.

Peder Lofnes Hauge