aktuelt

Eit stort Mållag treng ei større løyving i statsbudsjettet

18. oktober var Noregs Mållag på høyring i familie- og kulturkomiteen for å gje innspel til statsbudsjettet for 2025.

Der stod 1 million i auka løyving til Noregs Mållag som øvste prioritet, i år som i fjor.

Åse Kristin Ask Bakke (Ap) ba om å utdjupa nærmare kva den auka løyvinga skulle gå til. Grunde Almeland (V) stilte spørsmål om pengar til Det Vestnorske Teateret og Teater Vestland. Olav Urbø (Sp) stilte spørsmål om kva årsakene til at prosenten på statsbudsjettet som går til nynorsktiltak på statsbudsjettet har gått ned frå 2.8 % til 2 %. Vi takkar komitemedlemane for gode spørsmål.

Her kan du lesa innlegget som Peder Lofnes Hauge heldt under høyringa.

Gode komite,
Først vil eg takke regjeringspartia Ap og Sp for dei femten millionane regjeringa har foreslått i auka løyvingar til Det Norske Teatret. Det vil gje mykje god nynorsk teatermagi i åra som kjem. Det er likevel verd å minne om at det ikkje tettar gapet til Nathionalteatret, og at det er to nynorske regionteater på andre sida av fjellet som slit: Det Vestnorske Teateret og Teater Vestland.

Eg vil be komiteen merkje seg at eit samla nynorskmiljø – gjennom samarbeidsorganet Nynorsk forum – har 1 million i auka løyving til Noregs Mållag som det  viktigaste tiltaket på kulturbudsjettet. Det er ingen ting som gjev meir nynorsk for pengane enn ei auke i løyvingane til mållaget. Og det er det absolutt viktigaste de bør sitje att med etter i dag.

Vi har dei siste åra hatt stor medlemsvekst. Dette viser at svært mange vil vere på lag med nynorsken, og at dei ønskjer å støtte eit offensivt arbeid for å gje språket betre vilkår. Med det får vi også eit større ansvar for å utvikle organisasjonen vår både lokalt og sentralt, for å kunne oppfylle mandatet medlemsveksten gjev oss. Det er ei omfattande oppgåve, og til det treng vi ressursar.

Eit sterkt Noregs Mållag er viktig for både utvikling og oppfylging av norsk språkpolitikk. Vi treng ein aktør som har god oversikt, kjenner den språklege røynda frå innsida og kan formidle denne vidare.

Sjølv om rettane til nynorskbrukarane er styrkte og pliktane til det offentlege er blitt tydelegare, er det ikkje sanksjonar for brot på språklova. Vi kan til dømes vise til arbeidet som blir gjort for å dokumentere og hjelpe til å rette opp i brot på språklova.

Mållaget er involvert når kommunane ønskjer å lage språkplanar som hjelper dei å følgje opp plikter og ambisjonar frå språklova, dersom foreldre ønskjer å starte nynorskklassar, eller når språkrettane til elevar i skulen ikkje blir følgde.
Det trengst fleire ressursar for å få gjort dette arbeidet på ein god nok måte, og ut frå erfaring, treng staten hjelpa vår for å passe på eigne språkpolitiske ambisjonar og for  halde lovbrota på dette feltet på eit minimum. Dette meiner vi må speglast i løyvingane Noregs Mållag får over statsbudsjettet.

Takk.