aktuelt

Ekstraløyving på 9 mill. kr til Det Norske Teatret

Glede over 9 mill. kroner ekstra. Frå venstre: Marthe Scharning Lund, gruppeleiar, Erik Ulfsby, teatersjef, Lubna Jaffery, kulturminister, Marit Arnstad, palamentarisk leiar for Sp og Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. (Foto: Monica Tormassy)

Regjeringa vil løyve 9 mill. kroner til Det Norske Teatret i revidert nasjonalbudsjett. I dag kom kulturminister Lubna Jaffery (Ap) og Marit Arnstad (Sp), parlamentarisk leiar på Stortinget for Senterpartiet, til hovudscena på Det Norske Teatret for å fortelje om løyvinga.

– Vi politikarar må ofte berre velje éin ting. Vi får ikkje velje alt. Difor er det kjærleiken til Det Norske Teatret som gjer at regjeringa i revidert nasjonalbudsjett løyver 9 millionar kroner, seier Lubna Jaffery, kulturministeren på vegne av regjeringa. 

Ho fekk støtte av Marit Arnstad som la vekt på at teateret har vore viktig for nynorsken og for heile Noreg, frå det vart opna i 1913 til i dag. 

– Teateret er kanskje det viktigaste samlande symbolet for nynorsken og eit utstillingsvindauge for nynorsken på gateplan i hovudstaden, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. Mållaget har støtta opp om «Tett gapet»-kampanjen, som skal sikre økonomisk likestilling mellom Nationaltheatret og Det Norske Teatret.

Han takka teateret for at dei lagar fleire førestillingar som når ut til fleire folk. 

Teatersjef Erik Ulfsby opna seansen med å introdusere eit nummer av den nye førestillinga «Biten av musikal» som har premiere neste veke. Ei førestilling som oppsummerer den rike songteatertradisjonen på teatret.