aktuelt

Endeleg nynorsk!

Dette skuleåret starta endeleg Osterøy inkluderings- og læringssenter med nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar.

– Det skulle berre mangle at fleire og fleire opplæringssenter i nynorskkommunar går over til å undervise dei vaksne innvandrarane i nynorsk. Me ynskjer Osterøy til lukke med valet av nynorsk, seier Synnøve Marie Sætre, fungerande leiar i Noregs Mållag.

Etter den nye kommuneinndelinga er det 90 nynorskkommunar i Noreg. Av desse er det 44 kommunar som har nynorskopplæring eller har vedteke at dei vil byrja med nynorskopplæring for vaksne innvandrarar.

– Nynorsk i vaksenopplæringa kan gjera det lettare å koma inn i lokalsamfunnet fordi ein då lettare forstår det munnlege talemålet. Integrering skjer lokalt, og startar med språket. Det vert også lettare å forstå dialektar frå andre delar av landet.

– Me håper fleire vil gjere som Osterøy, seier Synnøve Marie Sætre.