aktuelt

Endeleg seksualundervisning på nynorsk!

Synnøve Marie Sætre, nestleiar i Noregs Mållag. Foto: Dina Rygg Eide

I dag vert Noregs mest populære materiell for seksualitetsundervisning lansert på nynorsk.

Det er organisasjonen Sex og Politikk som står bak opplegget Veke 6, som er oppdatert i samband med Fagfornyinga.

– Nynorskelevane bør få lese og høyre mest mogleg nynorsk på skulen for bli trygge og stødige i språket sitt. Difor er det svært viktig at opplæringsopplegg som kjem i tillegg til ordinære læremiddel også vert laga på nynorsk, seier Synnøve Marie Sætre, nestleiar i Noregs Mållag. Ho deltek med eit innlegg frå Mållaget på den digitale lanseringa av Veke 6, som allereie vert brukt i 40% av skulane.

– På same måte som det er viktig at dei unge elevane på ungdomsskulen vert trygge på seg sjølve og sin eigen seksualitet, er det også viktig at dei vert trygge på eigen identitet, seier Synnøve Marie Sætre.

– Ikkje berre skal nynorskelevane bli trygge i å skrive nynorsk. Like viktig er det at dei vert trygge i å bruke nynorsk i alle delar av kvardagen, og då bør ungdomane bli møtte på nynorsk. Difor vil me rose Sex og Politikk for at dei kjem med undervisningsmateriell på nynorsk til eit viktig emne i skulen, seier Synnøve Marie Sætre.

Veke 6 får økonomisk støtte frå Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet og frå i år også frå Sametinget, så denne hausten vert opplegget for ungdomsskulen nylansert på bokmål, nynorsk og samisk. 

– Mållaget meiner at alt statsfinansiert opplæringsmateriell til skulen laga av organisasjonar eller stiftingar bør kome på både nynorsk og bokmål. Sex og Politikk er gode føredøme som fleire organisasjonar bør sjå til, og så må staten kome etter og stille krav om nynorsk, seier Synnøve Marie Sætre.

Sjekk ut Veke 6 på nynorsk!