Kvifor bli medlem i Noregs Mållag?
Bokmål og nynorsk er formelt likestilte skriftspråk i Noreg, likevel …
- byter mange nynorskelevar til bokmål i løpet av skuletida
- gjev om lag halvparten av landets nynorskkommunar vaksne innvandrarar opplæring på bokmål
- bryt statlege institusjonar språklova dagleg
- har Dagbladet framleis forbod mot nynorsk i redaksjonelle artiklar
- går talet på nynorskelevar ned
- tek ein ikkje omsyn til nynorsken i kommune- og fylkesamanslåingar
- kjøper nynorskkommunar inn digitale læremiddel på bokmål til nynorskelevane
- nemner ikkje rammeplanen for barnehagen nynorsk i det heile