aktuelt

Erik Ulfsby er tildelt Målprisen 2023

– Erik Ulfsby får prisen for å ha gjeve heile Noreg strålande scenekunst som har styrkt den nynorske sjølvkjensla, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Teatersjef Erik Ulfsby på Det Norske Teatret fekk sundag kveld Målprisen frå Noregs Mållag.

Målprisen er den viktigaste prisen Noregs Mållag gjev ut. Prisen går til personar eller institusjonar som har gjort ein særleg viktig innsats for nynorsken.

I grunngjevinga trekkjer Peder Lofnes Hauge fram det særeigne språkoppdraget til Det Norske Teatret, og korleis Erik Ulfsby har forvalta dette på ein utmerka måte. 

– Han har vore ein visjonær teatersjef som har bidrege til kunstnarisk suksess, med ein drøss av gode meldingar, prisar og framsyningar som kjem til å bli ståande i historiebøkene for alltid. Under Ulfsby si leiing har teateret nådd ut til fleire og spelar fleire framsyningar for fleire publikummarar, fleire dagar i veka, seier Peder Lofnes Hauge.

Peder Lofnes Hauge meiner teateret står fram som ein nynorsk maktdemonstrasjon på gateplan i Oslo sentrum. Teateret er meir enn nokon gong eit samlande utstillingsvindauge for nynorsken i hovudstaden.

Då Det Norske Teatret sikra seg rettane til å setje opp den internasjonale Disney-suksessen Frost, fekk dei kritikk. Fleire hevda at Frost ikkje høyrde heime på eit teater med statsstøtte.

– Erik Ulfsby argumenterte sjølvsikkert for at «det er viktig for nynorsken at han også kan vere kommersiell», og det har Ulfsby heilt rett i, peikar Peder Lofnes Hauge på.